En nesten rund kule med knudrete overflate
Illustrasjon av polioviruset
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Polio er ein smittsam infeksjon som kjem av eit virus. Vanlegvis får dei som er smitta få eller lette symptom. Sjukdommen rammar særleg barn under fem år. Vaksinar har gjort at sjukdommen ikkje lenger finst i Noreg og i dei fleste andre land.

Alvorleg polio kan:

  • gjere at musklane mistar kraft og verkar dårlegare enn før
  • gjere folk lamme
  • gje betennelse i hjernen

Skadar i musklane og lamming kan folk ha resten av livet.

Smitte

Polioviruset formeirar seg i halsen og i tarmen. Viruset kan bli med ut i bæsj og smitte fleire. Ein kan òg bli smitta gjennom mat og drikke. Viruset kan smitte via små dropar av spytt eller snørr i hoste og nys. Andre blir smitta av å puste inn dei små dropane. Det er berre menneske som blir smitta med poliovirus.

Symptom

Dei aller fleste som blir smitta, får ingen teikn på sjukdom eller lette symptom som feber og oppkast. Polioviruset kan angripe og øydeleggje dei cellene i ryggmergen som sender beskjedar frå hjernen til musklane. Då blir den som er sjuk lam. Det kan vere farleg å bli lam i dei musklane ein bruker til å puste. Av og til gjer polio at musklane i armar og bein blir delvis lamme.

Viruset kan spreie seg med blodet frå tarmen til sentralnervesystemet og gi betennelse i hjernen.

Diagnose

For å finne ut om nokon har polio kan ein ta prøver frå halsen eller frå bæsj.

Behandling

Foto
På 1900-talet var polio ein vanleg sjukdom. Så kom vaksinane, og no er sjukdommen nesten utrydda i mange land. På 1950-talet var det kampanjar for å få folk til å vaksinen. På biletet får Elvis Presley vaksine. Han var verdas aller mest kjende popstjerne på den tida. I Noreg får nesten alle vaksine mot polio når dei er barn.
Foto
Av /NTB.

Det er inga behandling mot sjølve polioviruset. Den som er sjuk, treng kvile og ro. Nokre andre må passe på, i fall den sjuke sluttar å puste. Då treng personen hjelp frå maskiner til å puste. Slike maskiner heiter respirator.

Nokon treng behandling mot symptom som feber, smerter eller uro.

Det finst vaksinar mot polio. Dei må ein få før ein blir sjuk.

Seinskadar

Folk som får skadar på musklane på grunn av polio, må trene seg opp. Då får dei hjelp av fysioterapeut, slik at dei kan leve aktive liv igjen. Dei som har hatt polio, kan få svekka musklar mange år seinare, det heiter postpolio-syndrom.

Nokon treng krykkjer eller rullestol etter å ha hatt polio.

Utbreiing

På 1900-talet var polio ein vanleg sjukdom som mange fekk og var redde for å få. No er sjukdommen nesten utrydda i mange land, på grunn av vaksinen.

Poliovirus er framleis ein trussel i fleire fattige land. Viss mange folk i eit land lèt vere å ta vaksine, blir det meir smitte av polio.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bianca Stammler Jaliff
Overlege i infeksjonsmedisin, Akershus universitetssykehus