Foto av kvinne med varmeflaske på magen

Smerte er ikkje lett for legen å måle.

Foto av kvinne med varmeflaske på magen
Av /Shutterstock.

Symptom er kjensla av å vere sjuk eller at det er noko gale i kroppen. Nokre eksempel på symptom er at ein er kvalm, slapp eller svimmel, at ein har vondt eller at ein har angst.

Symptom er det ein sjuk person sjølv opplever. Mange symptom er vanskelege å måle, til dømes smerte. Legen vil da ofte spørre den sjuke om kor ille det er på ein skala frå ein til ti. Då er ein lite plager og ti er svært sterke plager.

Ting som ein lege eller sjukepleiar kan måle eller merke, blir kalla sjukdomsteikn. Eksempel på sjukdomsteikn er at den som er sjuk har hovna opp, har utslett eller har feber.

Symptom og sjukdomsteikn er viktige når ein skal stille ein diagnose.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erlend Hem
Professor, Universitetet i Oslo