Faktaboks

spytt

sikkel, slev

Foto av baby med spytt i munnen
Spyttet er som regel inni munnen, men nokre gongar kan folk sleve eller spytte det ut.
Foto av baby med spytt i munnen
Av /Shutterstock.

Spytt er ei væske som blir laga av eigne kjertlar i munnen. Spytt er som regel blankt og liknar vatn. Det inneheld i hovudsak vatn, saltar og protein. Spyttet gjer at slimhinnen i munnen er fuktig og glatt og at maten blir lett å svelgje. Nokre av proteina er også med på å starte nedbrytinga av maten.

Kvar dag lagar eit menneske omtrent 1 til 1,5 liter spytt. Det meste svelgjer ein utan å tenke på det. Når ein ser, luktar eller tenkjer på god mat, byrjar kjertlane å lage meir spytt. Det kjem av ein refleks.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo