Faktaboks

snørr

buser, snott

Barn med mykje snørr som renn ut av nesa.
Snørr er ein type slim som finst i kroppen.
Foto
Av /Shutterstock.

Snørr er slim som ein lagar i nasen. Snørret beskyttar kroppen mot bakteriar og virus. Viss ein blir forkjøla eller får ein annan infeksjon i nasen, kan ein lage meir snørr. Då blir ein tett i nasen og stemma kan bli endra. Snørret kan òg endre farge.

Allergi kan òg lage meir snørr slik at ein blir tett i nasen.

Snørr kan vere blankt, grønt eller gult. Det kan vere heilt flytande, tjukt eller klumpete. Snørr inneheld i hovudsak av vann, karbohydrat og protein.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo