Tilleggsbokstavar Æ, Ø Å.

I det norske og danske alfabetet bruker ein Æ, Ø og Å i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane.

Tilleggsbokstavar Æ, Ø Å.
Lisens: CC BY SA 3.0

Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda. Denne teksten er skriven med det latinske alfabetet. Dei fleste europeiske språka har eit alfabet som er basert på det latinske. Unntaka er det kyrilliske alfabetet og det greske alfabetet.

Variantar

På bildet står det på svensk «Den som är väldigt stark måste också vara väldigt snäll».
Mange språk brukar små tilleggsteikn over og under bokstavane i det latinske alfabetet. Desse blir kalla diakritiske teikn. Svensk har tillegsteiknet ¨ over bokstavane A og O. På biletet er Pippi Langstrømpe og apa herr Nilsson. Setninga på bildet tyder «Ein som er veldig sterk må også være veldig snill».
Foto av Pippi Langstrømpe.
Av /Pressens Bild.

Det er mange variantar av det latinske alfabetet. Det er 26 bokstavar som er felles for nesten alle variantane: A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z.

Mange språk har tilleggsbokstavar. Norsk og dansk har Æ Ø Å i tillegg, og svensk har Ä Ö Å. Islandsk har mellom anna Ð og Þ. Nordsamisk har Á Č Đ Ŋ Š Ŧ Ž.

Mange språk brukar også små tilleggsteikn over og under bokstavane. Desse blir kalla diakritiske teikn. Det er mest vanleg å bruke slike teikn over vokalar. Her er nokre eksempel bokstaven O med diakritiske teikn: ò ó ö ő ô õ ō ŏ ǫ.

Utvikling

Opphavet til det latinske alfabetet er eit vestgresk alfabet. Dette blei truleg innført på 600-talet fvt. i Roma og områda rundt.

Etter kvart blei det gjort små endringar på fleire bokstavar, både i form og kva for lyd som svarte til bokstaven.

Det eldste latinske alfabetet var slik:

A B C D E F Z H I K L M N O P Q R S T V X

Etter kvart blei Z tatt bort, sidan Z ikkje blei brukt for å skrive latin. G overtok den ledige plassen i bokstavrekkja.

Bokstaven K var berre brukt i nokre få ord, og k-lyden blei mest skriven med bokstavane C og Q.

Bokstaven I hadde både lyden i og lyden j. Bokstaven V var både lyden u og lyden v.

Dei to siste bokstavane, Y og Z, var lånt frå gresk. Desse blei tatt med i alfabetet rundt 200 fvt. Latin fekk fleire og fleire greske lånord på denne tida. Y og Z blei spesielt brukt i desse orda.

Dette førte til at alfabetet såg slik ut:

A B C D E F G H I K L M N O P Q R S T V X Y Z

Bokstaven W blei lagt til i mellomalderen. W blei brukt for å kunne skrive nokre germanske språk.

Først i renessansen kom skiljet mellom I og J og mellom U og V. I og U blei no berre brukte for vokalar, mens J og V berre blei brukte for konsonantar. Det latinske alfabetet hadde då fått forma som det framleis har i dag, med 26 bokstavar frå A til Z. Men veldig mange språk har fleire seinare tillegg, som nemnt i avsnittet Variantar ovanfor.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo