Foto frå Lyster sanatorium
I Noreg døydde mange av tuberkulose på 1800-talet. Mange sjuke fekk behandling på eigne sjukehus som heitte sanatorium. Der fekk dei kvile og frisk luft. Biletet syner pasientar som ligg i senger utandørs på Lyster sanatorium i Sogn og Fjordane.
Av /Norsk Teknisk Museum.
Lisens: CC BY 4.0 DEED
Tuberkulose i lunga til ein daud person
Tuberkulose kan lage hol i lungene. Dette hender oftare ved latent tuberkulose, når sjukdommen har vore skjult lenge i kroppen. Slike hol er synlege på eit røntgenbilete.

Tuberkulose er ein smittsam infeksjon som ein vanlegvis får i lungene.

Tuberkulose kjem av bakterien Mycobacterium tuberculosis. Sjukdommen kan spreie seg til andre organ enn lungene.

Tuberkulose blir behandla med antibiotika. I Noreg er sjukdommen sjeldan no, men det er framleis rundt 160 personar som får diagnosen kvart år. Dei fleste er smitta i utlandet. I resten av verda døyr rundt 1,3 millionar menneske av tuberkulose kvart år.

Smitte

Rundt ein firedel av jordas befolkning er smitta med tuberkulose. Sjølv om ein er smitta, er det ikkje sikkert at ein blir sjuk. Bakterien kan gå i dvale inni kroppen. Det heiter latent tuberkulose og er ikkje smittsamt. Bakterien kan vakne seinare i livet og gi tuberkulose i lungene. Då er det smittsamt. Smitten spreier seg frå lungene med små dropar som kjem når ein sjuk person hostar. Sjuke skal halde seg heime eller liggje på eige rom på sjukehus den første tida av behandlinga for ikkje å smitte andre.

Folk med svakt immunforsvar har større risiko for å bli sjuke. Det gjeld til dømes små barn, folk med hiv og folk som tek medisinar som svekkjer immunforsvaret.

Symptom

Ein som har tuberkulose i lungene, kan få hoste som varer i mange veker. Andre symptom er feber og at ein sveitter om natta. Det er vanleg å ha lite matlyst og gå ned i vekt.

Ein kan få tuberkulose i alle delar av kroppen, og då vil ein få symptom frå den staden som er blitt sjuk.

Diagnose og behandling

Legar kan finne ut om ein har tuberkulose på fleire måtar, avhengig av kvar infeksjonen sit. Det vanlege er å undersøkje slim frå lungene i eit laboratorium. Ein kan òg sjå endringar i lungene på eit røntgenbilete.

Den som har tuberkulose får behandling i eit halvt år med fleire typar antibiotika.

I nokre delar av verda finst det tuberkulose-bakteriar som ikkje blir dør av vanleg behandling med antibiotikum. Det heiter antibiotikaresistens. Då må pasienten få spesielle typar antibiotikum og ofte over lenger enn seks månader.

Historie

Tuberkulose tok liv av mange menneske på 1800-talet. I Noreg vart sjukdommen kalla tæring, og det var særleg mange fattige som vart sjuke. Mange sjuke vart send til spesielle sjukehus som heitte sanatorium. Der fekk dei kvile og frisk luft. På 1940-talet byrja det å kome medisinar som verka mot tuberkulose.

BCG-vaksinen vart utvikla i 1921 og var anbefalt til alle i Noreg fram til 2009. No er det berre folk med auka risiko for smitte som tek han. Vaksinen vernar hovudsakleg små barn mot alvorleg tuberkulose og han er ikkje like til vaksne.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bianca Stammler Jaliff
Overlege i infeksjonsmedisin, Akershus universitetssykehus