Lungene er to pyramideforma organ. Den høgre er større enn den venstre. Luftrøyret går loddrett mellom dei og deler seg i to mindre røyr (kalla hovudbronkiane) som går til kvar si lunge.

Den høgre lunga er delt i tre lappar, og den venstre i to lappar. På denne figuren er lungene litt gjennomsiktige, slik at ein kan sjå korleis luftvegane forgreinar seg inni dei.

Luftvegane og lungene
Av /Store norske leksikon.

Lungene er organ i kroppen som sørgjer for at ein kan puste. Om ein ikkje pustar, døyr ein.

Kroppen treng oksygen frå lufta rundt seg for å leve. Samstundes lagar kroppen gassen karbondioksid, som han treng å kvitte seg med. Når ein pustar inn, tek kroppen inn oksygen. Når ein pustar ut, slepper han ut karbondioksid.

Beskriving

Alle menneske har to lunger. Hos ein vaksen person veg lungene til saman omtrent ein kilo. Den høgre lunga er litt større enn den venstre.

Når ein pustar inn, kjem lufta inn gjennom munnen og nasen, før han går gjennom eit luftrøyr til lungene. Lungene er delt inn i lappar. Høgre lunge er delt i overlappen, midtlappen og underlappen. Venstre lunge er delt i overlappen og underlappen.

Midt på brystet deler luftrøyret seg i to røyr. Desse røyra blir kalla hovudbronkiar og går til kvar si lunge. I lungene deler hovudbronkiane seg i mindre lappebronkiar. Det er like mange lappebronkiar som lappar.

Dei minste røyra blir kalla bronkiolar. Desse blir til stadig mindre delar som blir kalla lungeblærer eller alveolar.

Oppgåver

Det er lungene ein bruker til å puste. Eit vakse menneske som held seg i ro, trekkjer pusten 12 til 16 gonger i minuttet. Kvar gong pustar ein inn omtrent ein halv liter luft. Når kroppen er aktiv, må lungene puste oftare.

Når ein pustar inn, tek ein luft inn i lungene. I lufta finst det oksygen, som kroppen treng. Ein del av lufta ein pustar inn, blir trekt heilt ut i dei små lungeblærene. Der blir molekyl av oksygen overført til blodet. Samstundes blir det overført molekyl av karbondioksid frå blodet til lufta i lungeblærene. Når ein pustar ut, slepp ein karbondioksidet ut i lufta rundt seg.

Lufta ein pustar inn, inneheld omtrent 21 prosent oksygen og berre 0,04 prosent karbondioksid. Lufta ein pustar ut, inneheld omtrent 16,3 prosent oksygen og 4,5 prosent karbondioksid.

Det vesle krinsløpet

Hjartet, lungene, det vesle og det store krinsløpet

Hjartet pumpar blodet gjennom to lukka løp. Det vesle krinsløpet passerer gjennom lungene, der blodet tek opp oksygen og kvittar seg med karbondioksid. Det store krinsløpet fordeler blodet til cellene i kroppen, slik at dei kan få oksygen og kvitta seg med karbondioksid. I begge løpa blir blod pumpa frå ein halvdel av hjartet, gjennom mindre og mindre arteriar, til bitte små kapillar. Deretter samlast blodet i større og større venar, og strøymer tilbake til den andre halvdelen av hjartet.

Hjartet, lungene, det vesle og det store krinsløpet
Av /Store norske leksikon.

Det er lungene som tek opp oksygen frå lufta når ein pustar, men heile kroppen treng oksygen for å verke. Difor blir oksygen overført frå lungene til blodet. Blodet blir pumpa rundt i kroppen av hjartet.

Lungene og hjartet er kopla saman i det som blir kalla det vesle krinsløpet. Blod med lite oksygen i blir pumpa frå høgre hjartekammer og ut i lungene gjennom blodårane. I lungene slepp blodet frå seg karbondioksid og tek opp oksygen. Så blir blod ført med mykje oksygen i tilbake til venstre framkammer av hjartet. Frå venstre hjartekammer blir blodet pumpa rundt i resten av kroppen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo