Illustrasjon

Det eldre, germanske runealfabetet med 24 runer.

Illustrasjon
Runearkivet, Kulturhistorisk museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Runer er skriftteikn som blei brukte til å skrive fleire eldre germanske språk. Det er språk som blei snakka i Europa. Runer er den eldste kjende skrifta i Noreg. I Skandinavia blei runer brukte frå ca. 200 evt. til seint i mellomalderen. Alfabetet heiter futhark, etter dei første bokstavane.

Runene vart brukte på same måte som det latinske alfabetet blir brukt til å skrive norsk i dag. Her står det for eksempel Lille norske leksikon: ᛚᛁᛚᛚᛖ ᚾᛟᚱᛊᚲ ᛚᛖᚲᛊᛁᚲᛟᚾ.

Det er usikkert kva ordet «rune» betyr. Det er mogleg at ordet er knytt til gamle germanske ord som tydde «hemmelegheit» eller «hemmeleg, kviskrande samtale».

Alfabetet

En halvrund kam i tre eller bein med tre hull oppe i skaftet.
Runekam frå Danmark fra rundt 160 evt.
Foto av kam.
Av /Nationalmuseet, Danmark.
Lisens: CC BY SA 4.0

Det er 24 teikn i det eldre runealfabetet. Runeteikna viste til ulike lydar. Tabellen nedanfor viser uttalen i urnordisk. For eksempel var ᛇ ein vokal som kanskje likna på e eller i. ᚦ blei uttalt som th i engelsk think. ᛉ var ein r-lyd som var litt forskjellig frå ᚱ, den vanlege r-lyden.

Rune Omtrentleg lyd
f
u
th
a
r
k
g
w
h
n
i
j
p
ï
R
s
t
b
e
m
l
ng
d
o

Alder

Dei eldre runene har ein funne på våpen, smykke og reiskapar. Den eldste sikre innskrifta er funnen på ein kam i Danmark. Kammen er datert til rundt år 160 evt.

Runesteinar blei mykje nytta i vikingtida. På steinane var det gjerne rissa inn runer, til minne om nokon som hadde døydd. I mellomalderen finn ein runer også i kyrkjer og gardsbygg.

I Bergen, Trondheim, Oslo og Tønsberg har det blitt grave fram mange ting med runer på.

Opphavet til alfabetet

Runealfabetet liknar så mykje på andre alfabet i Sør-Europa at dei som skapte runerekka, heilt klart kjende til andre alfabet.

Det har vore mange teoriar om kvar runene kjem frå. I dag støttar mange teorien om at det er laga på grunnlag av det latinske alfabetet. Men forskarar er likevel ikkje heilt einige om dette. Rekkefølgja på bokstavane er spesiell i runealfabetet. Dette er ikkje likt som noko anna kjent alfabet.

Fleire eldre studium meinte runene hadde samanheng med magi. I norrøn mytologi er kjennskap til runene knytt til guden Odin. Men dette seier ikkje noko om korleis vanlege folk oppfatta runene som skrift. No tenkjer ein at runene var vanleg skrift. På same måte som anna skrift, kunne runene bli brukt til ulike ting.

Utvikling

Runeskrifta gjekk gjennom mange endringar. Runer blei lagt til og andre runer gjekk ut av bruk.

Runetida sluttar i Norden utover 1400-talet, utanom på Gotland og Island. Runene døydde likevel ikkje heilt ut. Nokon kunnskap blei tatt vare på.

Det folk har skrive i runer, gir eit viktig innblikk i språk, kultur og historie. Gjennom innskriftene kan ein få vite meir om kva folk heldt på med og kva dei trudde på.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo