Faktaboks

Også kjend som

selvbilde på bokmål

Sjølvbilete er korleis ein person ser seg sjølv. Sjølvbiletet byggjer på korleis ein opplever at ein sjølv er, med styrkar og svakheiter. Korleis ein trur at andre oppfattar ein, kan òg ha noko å seie. Sjølvbiletet seier om ein føler at ein har verdi som menneske, uavhengig av kva ein får til og ikkje.

Eit positivt sjølvbilete vil si at ein har ei grunnleggjande kjensle av å bety noko eller ha verdi, sjølv om ein ikkje kan eller får til alt. Ein som har eit dårleg sjølvbilete, vil ofte leggje mest vekt på sine eigne feil og manglar.

Godt eller dårleg sjølvbilete treng ikkje henge saman med korleis ein faktisk er. Det er ei kjensle. Alle menneske har verdi, uavhengig av korleis dei ser på seg sjølv.

Sjølvbiletet endrar seg gjennom livet. Å byggje eit godt sjølvbilete kan ta mange år, og det byrjar når ein er barn.

Sjølvbilete og sjølvtillit

Mange folk med dårleg sjølvbilete har ofte dårleg sjølvtillit også. Men dei to tinga er ikkje det same. Sjølvtillit handlar om kor stor tru ein har på seg sjølv og det ein kan få til. Det går an å ha god sjølvtillit på eit område, men dårleg sjølvbilete. For eksempel kan ein tru at ein er god i fotball og kan vinne ein fotballkamp, men at ein likevel er eit dårleg menneske som ingen liker.

Godt sjølvbilete

Når ein har eit positivt sjølvbilete, kjenner ein styrkane sine, samstundes som ein er klar over svakheitene sine.

Ein person med godt sjølvbilete kan:

  • byggje vidare på sterke sider
  • klare å tilgi seg sjølv for feil og manglar
  • samanlikne seg lite med andre
  • ha tillit til andre

Eit godt sjølvbilete er eit teikn på god psykisk helse.

Dårleg sjølvbilete

Med eit dårleg sjølvbilete fokuserer ein på svakheitene sine, kor lite ein kan og kor dårleg menneske ein er.

Personar med dårleg sjølvbilete kan:

  • tenkje negative tankar om seg sjølv
  • ha låg sjølvtillit
  • samanlikne seg mykje med andre
  • meine at dei er mindre verd enn andre
  • tru at alle tenkjer stygge tankar om dei
  • dømme seg sjølv hardt for feil og manglar

Dårleg sjølvbilete går ut over kvaliteten på livet ein lever og kan gi dårlegare psykisk helse. Ein kan for eksempel kjenne skam og einsemd.

Dårleg sjølvbilete kan gjere at det er større risiko for å få psykiske sjukdommar, som spiseforstyrringar eller depresjon. Å vekse opp utan trygge vaksne eller venner rundt seg, kan gi dårleg sjølvbilete. Det å oppleve traume, som mobbing eller vald, kan vere skadeleg for sjølvbiletet.

Hjelp for å få betre sjølvbilete

Det er mogleg å endre korleis ein ser på seg sjølv. Om ein har eit veldig dårleg sjølvbilete, kan det hjelpe å snakke med nokon ein stoler på, fastlegen eller ein psykolog.

Støtte frå familie og vener hjelper til for å få eit godt sjølvbilete.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Ivar Røssberg
Professor i psykiatri, Universitetet i Oslo