Moses, framstilt som en gammel mann med skjegg holder to steintavler med skrift i gull over hodet.

Moses blir rekna som ein profet i både jødedom, kristendom og islam. Han fekk Dei ti bod av Gud skrive på to steintavler.

Maleri av Moses med stentavlene.
Av /Gemäldegalerie Berlin.

Ein profet i religion er ein person som meiner hen har direkte kontakt med ein eller fleire gudar.

Ein profet er ofte ein bodbringar, ein som fortel vanlege menneske kva ein gud eller ei høgare makt har å seie. Bodskapen blir kalla ei openberring.

Mange profetar har etter kvart blitt sett på som heilage personar. Nokre profetar har også vore grunnleggjarar av nye religionar. Eit døme på det er Muhammed, som blir rekna som grunnleggjaren av islam.

Profetar finst i svært mange religionar og i fleire verdsdelar.

Den største av profetane i Bibelen var Moses. Moses blir rekna som profet i både jødedom, kristendom og islam. I Koranen blir det nemnt 24 profetar. Den siste er Muhammed.

Anna bruk av ordet

Profet kan også bety ein vanleg person som har spesiell innsikt i noko som skal skje i framtida. Det kan til dømes vere ein som kan seie noko om vêret, klima, økonomi eller politikk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker