Et maleri viser en mann med krøllete hår og skjegg som holder en fakkel. Han sitter på en stol. Ved siden av ham kneler en ung gutt. mannen holder hånden sin på hodet til gutten. Rundt hodet til både mannen og gutten er det en sirkel i gull.

Abraham var den første som trudde det bare fanst éin gud.

Maleri av Abraham.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Maleri av en gutt som bærer en stabel med ved og en mann med mørkt hår og skjegg. Det er far Abraham og sønnen Isak.

For å teste Abraham, ber Gud han om å ofre sonen Isak. Abraham lystrar, men guten blir redda i siste liten av ein engel.

Maleri
Av .

Abraham er ein bibelsk person. Forteljingane om Abraham står i Første Mosebok i Det gamle testamentet og i Toraen i Tanakh. Dei står også i Koranen. Abraham er viktig i både jødedommen, kristendommen og islam.

I både jødisk, kristen og muslimsk tradisjon var Abraham den første som trudde at det berre fanst éin gud.

Abraham er den eldste av stamfedrane i Bibelen. Ein stamfar er ein av dei første i ei slekt, og den som leier slekta.

Før var det vanleg å tru at Abraham var ein verkeleg person som levde for omtrent fire tusen år sidan. I dag er det få som trur det, men forteljinga om han blir rekna som ei heilag historie.

Forteljingar om Abraham

Abraham bur i ein by som heiter Ur. Gud befaler at han skal dra derfrå saman med familien sin. Han dreg til landet Kanaan. Gud gir Kanaan til Abraham og etterkommarane hans. Han lovar at Abraham skal bli stamfar til eit stort folk.

Gud vil teste om Abraham er lydig mot han. Han ber Abraham drepe sonen sin, Isak, og ofre han til Gud. Abraham skal til å gjere som Gud seier. I siste liten blir Isak redda. Ein engel kjem og gir Abraham ein vêr som han kan ofre i staden. Engelen fortel Abraham at Gud vil vere spesielt glad i han fordi han er så lydig.

Gud lagar ein pakt med Abraham. Ein pakt er ei avtale. Pakta var at Gud skulle vere den einaste guden til Abraham. Abraham skulle få ei stor slekt som skulle vere Guds folk.

Abraham i jødedommen

Jødene reknar Abraham som sin stamfaren sin gjennom sonen Isak. Dei kallar han derfor Abraham Aveinu, som betyr Vår far Abraham. Jøder meiner at avtalen mellom Gud og Abraham er gyldig ennå. Han er er eit førebilde for alle jødar når det gjelde tro og lydnad. Abraham er også profet i jødedommen.

Abraham i kristendommen

I kristendommen er Abraham eit menneske som trudde på Gud på en perfekt måte. Han var lydig og gjorde alt Gud ba om. Kristne reknar Jesus som ein direkte etterkommer etter Abraham. Kristne trur også at det er dei som er Abrahams barn og dei som blir velsigna av Gud.

Abraham i islam

I islam er Abraham ein viktig profet. Abraham fekk bodskap frå Gud før Muhammed. Han blir kalla «venen til Gud». Han er stamfaren til arabarane gjennom sonen Ismael. Ibrahim er den arabiske forma av namnet Abraham.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker