Forsiden av en bibel. Det er en rødbrun bok, og det står trykket med gullbokstaver «Bibelen _ den hellige skrift».
Bibelen er delt inn i Det gamle testamentet og Det nye testamentet.
Fotografi
Av .

Bibelen er den viktigaste boka i kristendommen. Han er eigentleg ikkje éi bok, men ei samling bøker av ulike forfattarar. Desse tekstene er heilage for kristne.

Bibelen har to hovuddelar. Dei heiter Det gamle testamentet og Det nye testamentet, forkorta til GT og NT.

Av og til snakkar folk om 'Den hebraiske bibelen'. Då meiner dei Tanakh i jødedommen. Tanakh er nesten heilt lik Det gamle testamentet.

Det gamle testamentet

Forsiden av en bok. Det står Barnas Bibel med store bokstaver på den. Det er mange tegninger på boka, av mennesker som gjør ulike ting. Det nederste bildet er en bakketopp med tre kors på.

Det finst eigne bibler for barn med enklare tekst og mange teikningar.

Fotografi, bokomslag
Av .

Det gamle testamentet er i hovudsak skrive på språket hebraisk og blei til mellom ca. 950 og 150 fvt.

Bibelen startar med at Gud skapar verda. Resten av tekstene handlar i hovudsak om historia til folket frå Israel. Dei blei seinare kalla jødane. Derfor er Det gamle testamentet også viktig i jødedommen.

Det nye testamentet

Tekstene i Det nye testamentet blei skrive frå rundt 50 til 100 år evt. Disse tekstene blei skrive på gresk. Dei er heilage i kristendommen. Det nye testamentet handlar mest om Jesus og dei første kristne som følgde han.

Ulike tekster

Bibelen er ikkje éi bok, men ei stor samling av tekster som er skrivne av mange ulike menneske. Bibelen inneheld historieforteljingar, lover, profetiar (spådommar), salmar, ordspråk og brev. Gjennom historia har tekstene blitt kopierte og skrive om mange gonger.

I ulike delar av kristendommen er folk usamde om kva som bør vere med av tekstene i Bibelen. I katolske og ortodokse bibler inneheld Det gamle testamentet fleire tekstar enn i dei protestantiske.

Bibelen til alle

På 1400-talet var det berre prestar, kongar og adelsmenn som hadde biblar. Tekstene blei kopierte og skrivne for hand av munkar i kloster. Derfor var dei svært sjeldne og dyre. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten gjorde at ein kunne trykke mange biblar, så fleire kunne lese dei.

I Europa ble Bibelen først omsett til latin. På 1500-tallet begynte ein å omsette tekstene til språk fleire folk kunne forstå. I 1534 blei Bibelen ferdig omsett til tysk av Martin Luther, som var teolog og som startet reformasjonen. Dermed blei Bibelen og tekstene i den tilgjengeleg for folk flest.

I 1904 fikk man ein heil Bibel på norsk.

Bibelen i kulturen

Bibelen har hatt stor påverking på kultur. Både språk, musikk, biletkunst, film og litteratur har motiv som er inspirerte av Bibelen.

Den kristne Bibelen er den boka i verda som blir mest omsett og mest lesen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Berit S. Thorbjørnsrud
Professor, Universitetet i Oslo