Foto av kjøttmeis
En kjøttmeis med gult bryst med svart midtstripe. Hodet er svart med hvite kinn.

Kjøtmeis er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg. Kjøtmeisen er lett å kjenne att med gult bryst og svart hovud med kvite kinn.

Kjøtmeis er den einaste meisearten som finst over heile Europa, Asia og Nordvest-Afrika.

Beskriving

Kjøtmeisa har gult bryst med svart midtstripe. Hovudet er svart med kvite kinn. Ryggen er grøngul med eit smalt kvitt band på vengen. Vengene er gråblå. Hoa og hannen er ganske like, men hoa har svakare fargar. Unge fuglar liknar dei vaksne.

Kjøtmeisa er omtrent 15 centimeter og veg 15–22 gram. Ho er størst og tyngst av meisefuglane.

Levevis

åtte egg i eit reir bygga av strå
Egga til kjøtmeisa er kvite med brune flekkar. Kjøtmeisa legg 6–13 egg i kvart kull. Ho kan få to kull kvart år.
Foto
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Kjøtmeisa lever i skog over nesten heile Noreg. Ho liker best lauvskog, men finst òg i skog som har både lauvtre og bartre.

Ho er lite redd for menneske og er ein vanleg gjest på fuglebrettet. Kjøtmeiser er standfuglar. Det betyr at dei held seg i Noreg om vinteren.

Kjøtmeisene er intelligente og sosiale fuglar som lærer av kvarandre. Dei held ofte saman i flokkar om vinteren. Då er dei fleire om å finne mat og varsle om farar. Om vinteren lever kjøtmeisa av frø og bær. Om sommaren et dei mest insekt og edderkoppar.

Tidleg på våren forlét kjøtmeisa flokken for å finne ein partnar og ein stad å leggje egg. For å vere sikker på å ha ein partnar til våren, kan hannfuglen byrje å syngje allereie i januar for å lokke til seg ei hofugl.

Formeiring

Kjøtmeisa legg gjerne egg i hole tre eller fuglekasser. Hoa byggjer reiret med mose og anna mjukt materiale, som fjør, ull eller hår. Ho legg 6–13 egg som er kvite med raude prikkar. Kjøtmeisa kan leggje egg to gonger i løpet av våren og sommaren. Då heiter det at ho får to kull.

Hoa rugar på egga åleine, men ungane blir mata av begge foreldra. Den viktigaste maten for ungane er larvar av sommarfuglar. Ungane forlét reiret etter 16–21 døgn.

Ungane er utsette for mange farar. I reiret kan dei bli tekne av ekorn og flaggspett. Etter at dei har forlate reiret, kan dei døy av mangel på mat, kulde eller bli tekne av større fuglar, som ugler.

Lengste levetid hos kjøtmeis er 15 år.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten Helberg
Høgskolelektor, Høgskolen i Østfold