Fire glass med kvitt, flytande innhald.
Mange som lever på diett, tilpassar kva for mat dei kan ete. Folk som er allergiske mot laktose eller veganarar, brukar plantemjølk i staden for melk frå ku. Frå venstre mot høgre syner biletet mjølk av hassenøtter, havre, kokos og mandel.
Fotografi
Av /Shutterstock.

Diett er reglar for kva slags mat ein skal ete. Nokon følgjer ein diett fordi dei har ein sjukdom som gjer at dei må ete på ein bestemd måte. Dei aller fleste treng ikkje å følgje ein spesiell diett, utanom å velje sunn mat.

Ordet diett blir òg brukt for å skildre eit generelt kosthald. Om ein er vegetarianar, kan ein seie at ein følgjer ein vegetarisk diett eller ein har eit vegetarisk kosthald.

Grunnar til å følgje ein diett

  • Ein har ein sjukdom
  • Ein er allergisk mot enkelte matvarer
  • Ein følgjer ein religion som har reglar om mat
  • Ein meiner at det er feil å drepe dyr for å få mat
  • Ein vil slanke seg
  • Ein vil bli sunnare

Nokon må følgje ein diett heile livet. Om ein har glutenallergi, kan ein til dømes ikkje ete noko som inneheld kveitemjøl. Om ein er allergisk mot skaldyr, kan ein aldri ete dette. Det kan vere farleg.

Om sjukdom gjer at ein ikkje toler bestemde matvarer, kan legen seie at ein må følgje ein diett. Då kan det hende ein må ete meir av ein type mat, eller la vere å ete noko i ein periode. Ein kan slutte på denne typen diettar når ein er frisk igjen.

Religion og verdiar

Nokon følgjer ein diett fordi dei meiner det er rett. Det kan vere på grunn av reglar i ein religion, eller at ein synest det er gale å drepe dyr for å få mat til menneske.

I nokre religionar er det forbode å ete bestemde matvarer. Mange hinduar er vegetarianarar. Muslimar et ikkje svinekjøtt, og mange jødar et berre mat som er kosher.

Mange synest det er gale å drepe dyr for å ete dei. Dei vel difor ein vegetarisk diett.

Nokon synest det er gale å bruke dyr eller noko som kjem frå dyr, til mat i det heile. Difor vil dei heller ikkje ete egg, mjølk, smør eller ost. Då følgjer dei ein vegansk diett.

Slanking

Trenger du noen å snakke med?

Mental Helse Hjelpetelefonen
Telefon: 116 123 (hele døgnet)
Chat: Sidetmedord.no 

Rådgivning for spiseforstyrrelser
Chat: nettros.no/chat/

Spiseforstyrrelsesforeningen
Telefon: 229 400 10

Nokon følgjer ein diett fordi dei vil slanke seg. Det er ikkje sunt å ete veldig lite eller å kutte ut heile grupper med matvarer. Då kan ein få for lite av vitamin og mineral som er viktige for kroppen. I verste fall kan ein få spiseforstyrringar eller bli sjuk på andre måtar.

Likevel følgjer nokon ein diett i ein periode, fordi dei vil slanke seg. Viss ein vil ha råd om vekt og diett, bør ein snakke med ein lege eller helsesjukepleiar. Barn og ungdom skal ikkje slanke seg utan å snakke med ein vaksen først.

Det finst mange ulike diettar på internett, sosiale medium og blant influensarar. Mange av diettane kan vere farlege eller usunne å følgje.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Ivar Røssberg
Professor i psykiatri, Universitetet i Oslo