Schengensamarbeidet er ei ordning som gjer at folk og varer kan krysse grensene mellom mange land i Europa utan grensekontroll. Dette samarbeidet gjer det enklare å reise og drive med handel i Europa.

Landa i Schengensamarbeidet

Alle land i EU, unnateke Irland, Kypros, Bulgaria og Romania, er med i Schengensamarbeidet. I tillegg deltar fire land som ikke er medlem av EU: Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein. I 2023 var totalt 27 land med i samarbeidet. Noreg har vore med sida 2001.

Ingen grensekontroll

Vanlegvis er det grensekontroll på grensa mellom to land. Personar som reiser over grensa må vise pass og kanskje visum. Visum er eit løyve frå eit bestemt land om at ein person får reise inn i landet. Varer som blir sendt over landegrenser blir òg vanlegvis kontrollerte.

Grensekontrollen gir kontroll med alt som kjem inn i landet, men kontrollen gjer det òg tungvint for folk å reise eller sende varer over landegrenser.

Derfor har landa i Schengensamarbeidet blitt samde om at folk og varer fritt kan dra over grensene mellom desse landa, utan å bli kontrollerte.

Samarbeidet er oppkalla etter den vesle byen Schengen i Luxembourg. Der blei avtalen om samarbeidet underteikna.

Grensekontroll inn i Schengen-området

På grensa mellom eit land innanfor Schengensamarbeidet og eit land utanfor er det framleis grensekontroll. Folk som reiser frå til dømes Tyrkia (utanfor Schengen) til Hellas (innanfor Schengen) må vise pass og kanskje visum på grensa. Når dei er inne i Schengen-området, kan dei reise fritt mellom landa.

Politiet samarbeider

Ein annan del av Schengensamarbeidet er at politiet i landa arbeider saman om saker som er vanskelege å løyse for kvart enkelt land åleine. Det gjeld kriminalitet som skjer over landegrensene. Dei samarbeider til dømes om arbeid mot terrorisme, handel med narkotika eller våpen og andre former for grov kriminalitet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør