Interpol er ein organisasjon der politiet i ulike land kan samarbeide. Nesten 200 land er medlem. Politiet i kvart land har ei eiga avdeling som jobbar med Interpol. I Noreg er denne avdelinga i Kripos.

Interpol blei starta i 1947, og har hovudkontor i Frankrike.

Samarbeid over grenser

Mykje kriminalitet skjer på tvers av grensene mellom land. Det betyr at kriminelle i ulike land samarbeider, for eksempel om menneskehandel og å smugle narkotika frå eit land til eit anna. Derfor er det òg viktig at politiet kan samarbeide over landegrensene.

Fire viktige område

Interpol jobbar særleg med fire slags kriminalitet:

Organisert kriminalitet betyr at fleire personar går saman om å drive med kriminalitet over tid for å tene pengar på det. Eksempel på organisert kriminalitet er handel med narkotika, ulovleg handel med våpen og å lage falske pengar.

Terrorisme er bruk av vald mot vanlege folk for å skape frykt og dermed påverke korleis samfunnet fungerer.

Datakriminalitet er kriminalitet mot data og datasystem. Det kan for eksempel vere at nokon bryt seg inn i datamaskina til andre og stel eller øydelegg informasjon. Dette kalles også hacking.

Økonomisk kriminalitet er lovbrudd for å tene penger.

Både organisert kriminalitet, terrorisme, datakriminalitet og økonomisk kriminalit skjer ofte på tvers av grensene mellom ulike land. Gjennom Interpol er det lettare for politiet å etterforske og stoppe slik kriminalitet.

Dele informasjon

Interpol har mange databasar med informasjon om kriminalitet. Ein database er ei stor samling med informasjon.

Eksempel: Når ein person får passet sitt stole i India, blir det registrert i databasen til Interpol. Dersom dette passet blir ulovleg brukt av nokon som vil reise inn i Spania, kan politiet i Spania sjå at passet er stole.

Interpol gjer at personar kan bli etterlyste eller meldt sakna i mange land på éin gong. Å vere etterlyst betyr at politiet leiter etter nokon som har gjort noko kriminelt, eller er sakna. Gjennom Interpol får politiet i mange land foto og skildringar av etterlyste og sakna personar. På den måten kan ein som har brote lova i Noreg, bli kjent igjen i for eksempel Tyskland og bli arrestert av politiet der.

Forkortinga Interpol

Interpol er ei forkorting for International Criminal Police Organization. Det betyr «Den internasjonale kriminalpolitiorganisasjonen».

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ivar Husby
Politihøgskolen