Kriposbygget (2013)
Av .
Lisens: CC BY ND 2.0

Kripos er ei eining i det norske politiet.

Kripos jobbar med organisert kriminalitet og anna alvorleg kriminalitet, for eksempel drap. Organisert kriminalitet er når fleire personar går saman om å drive med kriminalitet over tid for å tene pengar på det.

Det jobbar omtrent 750 personar i Kripos. Kripos har kontor i Oslo.

Korleis Kripos jobbar

Kripos driv eiga etterforsking av alvorleg kriminalitet, og dei hjelper politiet rundt om i Noreg når det dukkar opp alvorlege kriminalsaker der.

I Kripos jobbar det mange ekspertar. Nokre veit veldig mykje om korleis ein skal sikre bevis frå ein stad det har skjedd noko kriminelt. Andre veit mykje om kriminalitet på internett.

Kripos har eigne laboratorium for å finne bevis for kriminelle handlingar. Dei kan for eksempel undersøkje hårstrå som er funne der det har skjedd eit drap, og finne ut kven håret kjem frå.

Kripos jobbar òg med å avlytte telefonar for å finne ut om nokon planlegg eller gjer noko kriminelt. Denne typen etterforsking er skjult, for at dei som blir avlytta ikkje skal vite at Kripos følgjer med på kva dei gjer. Kripos må ha tillating frå ein domstol for å kunne avlytte.

Samarbeid med politi i andre land

Kripos har ansvaret for samarbeidet mellom politiet i Norge og andre land, som Interpol, Europol og Schengensamarbeidet.

Mykje organisert kriminalitet skjer over landegrensene. Derfor samarbeider politiet i ulike land for å stoppe organisert kriminalitet.

Kripos etterforskar òg krigsbrotsverk som har skjedd i andre land. Krigsbrotsverk er straffbare handlingar som bryt med reglane for krig. Desse reglane blir kalla folkeretten.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ivar Husby
Politihøgskolen