En firkantet kasse som står på en ramme med fire hjul. Den står ute på en gate, og på siden av den er logoen til Posten.

Ein sjølvkøyrande robot som leverer post.

Foto av robot.
Av /NTB.

Ei datamaskin er ei maskin som blir brukt til å behandle, lagre og dele data. Ei datamaskin består av maskinvare og programvare. Maskinvare er dei fysiske delane datamaskina er bygd opp av. Programvare er kommandoar som fortel maskinvara kva ho skal gjere.

Det er vanleg å bruke ordet om stasjonære eller berbare PC-ar.

Mobiltelefonar og nettbrett er også vanlege former for datamaskiner. Små datamaskiner er bygd inn i ulikt utstyr slik som bilar, TV-ar, robotar, spelekonsollar og smartklokker.

Stadig fleire av desse einingane er tilknytta internett. Ting som inneheld datamaskiner og kan koplast til internett, blir en del av tingenes internett.

Oppbygning

foto av maskin, skjerm, tastatur, mus
Ei stasjonær datamaskin har ein harddisk, eit tastatur, ein skjerm og ei mus. Høgtalaren er ofte bygd inn i skjermen.
Foto av stasjonær datamaskin.
Av .

Dei aller fleste datamaskinene har følgjande delar:

  • Prosessor for utrekningar
  • Minne for mellombels lagring
  • Lagringseining for langtidslagring

I tillegg vil datamaskiner som PC, mobiltelefoner og nettbrett ofte ha følgjande delar:

  • skjerm
  • tastatur
  • mus
  • mikrofon
  • høyttaler

Virkemåte

Ei datamaskin har som jobb å utføre alle kommandoane i eit program. Det er prosessoren i datamaskina som utfører dette. Denne les og utfører ein og ein kommando. Ein prosessor kan berre utføre eit svært lite utval av enkle kommandoar, men når desse blir sette saman i program kan dei gjere veldig avanserte ting. Ein prosessor kan utføre milliardar av kommandoar kvart einaste sekund.

Prosessoren har til hjelp eit minne der informasjon blir lagra mellombels. Dette minnet blir kalla for RAM eller arbeidsminne. Her blir for eksempel resultatet av berekningar og informasjon frå brukaren lagd.

For å ta vare på informasjon i lengre tid blir ulike einingar brukte for lagring. Eksempler på dette er harddiskar, minnepennar og minnekort.

Programvare

Programvare er instruksjonar som ligg i arbeidsminnet til maskina og som gjer at ein kan bruke ho. Det finst to typar programvare: operativsystem og applikasjonar.

Operativsystem er grunnleggjande programvare for å få eit datasystem til å fungere. Operativsystemet ordnar mellom anna med lasting av program. Døme på kjende operativsystem er Windows, macOS og Linux.

Applikasjonar er programvare som sørgjer for at maskina utfører dei oppgåvene ein vil bruke ho til. Det er til dømes nettlesar, app for å spele av musikk eller video eller appar for å skrive tekst.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Tom Heine Nätt
Førstelektor, Høgskolen i Østfold