Aspergers syndrom er ei form for autisme. Aspergers syndrom var tidlegare ein eigen diagnose som mange med autisme fekk. No heiter diagnosen autismespekter.

Autisme kjem av at hjernen har utvikla seg annleis enn det som er vanleg. Personar som har autisme, opplever verda på ein annan måte og kan oppføre seg annleis enn folk som ikkje har autisme.

Autisme er ikkje ein sjukdom, men ei funksjonsnedsetting.

Kjenneteikn

Folk med Aspergers syndrom er ulike. Men dei kan ha mange av dei same kjenneteikna som andre folk med autisme:

  • Ein kan syns det er vanskeleg å vere saman med andre
  • Ein har få interesser eller andre interesser enn dei andre rundt seg
  • Ein er ikkje så glad i å prøve nye ting eller å gjere ting på nye måtar
  • Ein kan fort bli stressa om det skjer mykje på ein gang
  • Ein kan bli overvelda av mange inntrykk, som lydar eller lukt

Det er store forskjellar mellom folk på autismespekteret. Nokre med autisme treng mykje hjelp frå andre i kvardagen. Folk med Aspergers syndrom treng ofte mindre tilpassing for å leve gode liv enn mange andre med autisme.

Sosiale utfordringar

I samfunnet er det mange sosiale reglar som dei fleste menneske lærer av seg sjølv. Sosiale reglar seier korleis ein skal oppføre seg saman med andre, og kva som er høfleg og uhøfleg oppførsel. For ein med Aspergers syndrom er det ofte vanskeleg å lære dei sosiale reglane.

Det kan vere vanskeleg for ein med denne diagnosen å skjøne kva andre føler eller tenker, om dei ikkje seier det rett ut. Dei kan ofte tolke ordtak og uttrykk bokstaveleg og ikkje ta hint. Ein med Aspergers syndrom ser ikkje alltid humor på same måte som andre. Dette kan føre til at dei føler seg misforståtte.

Interesser

Personar med Aspergers syndrom har ofte få interesser, men er veldig fokuserte på dei. Interessene kan vere ganske ulike frå interessene til andre på same alder.

Greta Thunberg har Aspergers syndrom og ei veldig tydeleg interesse. Ho er interessert i korleis Jorda utviklar seg og kva menneske bør gjere for å ta betre vare på planeten.

Vanar

Personar med Aspergers syndrom lever godt med faste rutinar. Dei fleste trivst best i situasjonar der dei på førehand veit kva som kjem til å skje. Mange likar ikkje endringar eller overraskingar.

Språk

Personar med Aspergers syndrom har vanlegvis ikkje vanskar med å snakke eller lære seg språk. Nokre av dei kan bruke uvanlege ord, eller andre kan synest at dei snakkar utan innleving.

Å leve med Aspergers syndrom

For å finne ut om ein person har Aspergers syndrom, må ein først gå til fastlegen. Fastlegen kan sende folk vidare til ein spesialist, for eksempel hos BUP eller DPS. Det finst ingen medisin, men det finst fleire tiltak som kan gjere livet lettare for personar med Aspergers syndrom.

Det kan hjelpe mykje å fortelje folk rundt seg om korleis ein har det. Då blir det lettare for andre å forstå kva ein synest er vanskeleg, og korleis dei kan tilpasse ulike situasjonar. For eksempel kan det vere fint å få sosiale regler forklart. På skulen kan ein få hjelp til å lage rutinar slik at dagen blir meir oversiktleg.

Mange som har Aspergers syndrom har òg for eksempel ADHD, angst eller OCD.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bernhard Weidle
Førsteamanuensis, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet