Illustrasjonar av seks kort, eitt for kvart stjerneteikn. Korta har symbolet for stjerneteiknet, ei tegning, eit lite kart over stjernekonstellasjonen og namnet på teiknet.
Symbol, tegning og eit lite kart over stjernebildet for stjerneteikna vêren, tyren, tvillingane, vekta, skorpionen og skyttaren.
/Shutterstock.

Stjerneteikn er figurar i stjernene, som er viktige i spådomskunsten astrologi. Dei som trur på astrologi, trur at planetar og stjerner påverkar menneska og korleis liva deira blir.

Det er tolv stjerneteikn. Datoen ein er fødd, bestemmer kva for stjerneteikn ein har.

Dei tolv stjerneteikna

Illustrasjonar av seks kort med symbolet for stjerneteiknet, ei tegning, eit lite kart over stjernekonstellasjonen og namnet på teiknet.

Symbol, tegning og eit lite kart over stjernebildet for stjerneteikna krepsen, løva, jomfrua, steinbukken, vassmannen og fiskane.

/Shutterstock.

I dag veit ein at Jorda bevegar seg rundt Sola, og dessutan rundt seg sjølv. Før visste ein ikkje dette. Då trudde ein at Jorda var i ro, og alt anna bevega seg. Difor trudde ein at Sola bevega seg i ei bane over himmelen i løpet av året. Astrologane delte denne banen inn i tolv delar som dei kalte dyrekrinsen.

Kvar av desse delane inneheld eit stjernebilete eller stjerneteikn. Dei fleste stjerneteikna fekk namn etter dyr. Til kvart stjerneteikn høyrer fleire ting. Astrologene trur at planetane styrer framtida, humøret og personlegdomen til folk.

Dette er stjerneteikna:

  • Vêren frå 21. mars til 20. april.
  • Tyren frå 21. april til 21. mai.
  • Tvillingane frå 22. mai til 21. juni.
  • Krepsen frå 22. juni til 22. juli.
  • Løva frå 23. juli til 23. august.
  • Jomfrua frå 24. august til 23. september.
  • Vekta frå 24. september til 23. oktober.
  • Skorpionen frå 24. oktober til 22. november.
  • Skyttaren frå 23. november til 21. desember.
  • Steinbukken frå 22. desember til 20. januar.
  • Vassmannen frå 21. januar til 18. februar.
  • Fiskane frå 19. februar til 20. mars.

Horoskop

Horoskop er spådomar om korleis det vil gå med for personar fødd i kvart enkelt stjerneteikn framover. Det finst horoskop på appar, i aviser og på nett. Det blir også selt smykker og andre ting med bilde og symbol for stjerneteikna.

Astrologi

Dei som driv med astrologi blir kalla astrologar. Dei ser på korleis planetar og stjerner bevegar seg, og tolkar det det dei ser. Sola, månen og dei andre planetane er dei viktigaste å følgje i astrologi. Om lag 150 stjerner er også med i tolkingane.

Ein som forskar på planeter og stjerner, heiter astronom. Sjølv om orda er like, har ikkje astronomi og astrologi noko med kvarandre å gjere.

Kritikk

Moderne vitskap finn ingen bevis for noko i astrologien. Likevel er det fleire millionar menneske som trur på det.

Historie

Astrologar i det som no er Irak laga oppdelinga av banen til Sola, i oldtida. I antikken utvikla greske astrologar oppdelinga og ideane vidare. I Romerriket hadde keisarane astrologar som jobba for dei.

I Kina har dei lang tradisjon for astrologi, det finst spor frå 2600 år fvt. I kinesisk astrologi er stjerneteikna annleis.

Etter at kristendommen kom, blei det færre som trudde på astrologi. Likevel kunne ein framleis lese om astrologi mange stader. I Noreg har det blitt fleire som trur på det sidan 1970-talet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen