Foto av ei side frå Landslova
Landslova frå 1274 er skriven på norrønt, med latinsk skrift. Boka som er på biletet er truleg frå perioden 1300–1325.
Foto av ei side frå Landslova
Av .

Norrønt er språket som vart brukt i Noreg i vikingtida og i tidleg mellomalder, frå år 700 til 1350. Norrønt språk omfattar gammalnorsk og gammalislandsk. Språket blir også kalla gammalnorsk.

Norrønt språk kom frå urnordisk. Det var særleg i perioden 500–700 at urnordisk endra seg til norrønt, mellom anna ved at orda vart kortare. Det kom også nokre vokalar i norrønt som ikkje fanst i urnordisk, som y, æ og ø.

Tekstar

Det finst mange tekstar på norrønt, så ein kjenner godt til korleis språket var. Norrønt er brukt i mange runeinnskrifter i stein, tre og metall. Etter kvart starta ein også å skrive på  skinn og papir.

Dei mest kjende tekstane er soger, eddadikt og skaldedikt. Desse står hovudsakleg i bøker og manuskript frå Island.

Utbreiing

Norrønt spreidde seg dit vikingane reiste. Derfor kjem språka på Island og  Færøyane frå norrønt. I tillegg er det spor av norrønt i namn og ord i mange andre språk. Til dømes i dei engelske orda knife og bag, som kjem frå dei norrøne orda knífr og baggi.

Nett som nordmenn påverka andre, påverka andre folk nordmenn. På reisene fekk nordmenn kunnskap om det latinske alfabetet, som ein framleis skriv med i dag.

Etter kvart slutta dei å skrive med runer. I staden skreiv dei norrønt ved å bruke det latinske alfabetet. Det skjedde frå om lag år 1150 til 1200. Den første lova for heile Noreg er skrive på norrønt. Det er Landslova frå 1274.

Dialektar

Fleire av de endringane i språket som førte fram til moderne norsk, byrja i den norrøne perioden. Det varierer mellom dei ulike delane av landet når det var. Slik vaks dialektene fram. Etter kvart blei skilnadene mellom dialektene tydelegare.

Overgang til moderne norsk

I Noreg døydde det norske skriftspråket ut i overgangen mellom norrønt og moderne norsk. Dansk tok over. Fram mot 1500-talet låg talemålet langt frå det gamle, norrøne skriftspråket.

Etter den norrøne perioden var det norske språket det ein no kallar mellomnorsk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo