svart/hvit tegning av en mann med langt skjegg som sitter på en stol med en stor bok i fanget.

Islendingen Snorre Sturlason er den mest kjende historikaren frå norrøn middelalder.

Tegning av Snorre.
Av .

Norrønt er eit namn på språket og kulturen i Noreg og på Island i vikingtida og i mellomalderen. Den norrøne perioden var fra ca. år 700 til ca. 1500.

I vikingtida brukte dei runer til å skrive med. Men dei skreiv ikkje ned litteratur. Litteraturen var munnleg. Det vil seie at kvad, som er ein type dikt, og forteljingar blei sagt fram munnleg. Så lærte andre folk dei utanat, og dei gikk i arv til neste generasjon.

I mellomalderen kom kristendomen til Norden. Då kom òg det latinske alfabetet, som er dei bokstavane som blir brukt i dag. Etter kvart begynte folk å skrive ned dei munnlege dikta. Dei begynte òg å skrive lengre forteljingar. Slike forteljingar blir kalla sagaer.

Sagaer

Bilde fra Codex Frisianus.

Biletet viser byrjinga av kapittel 15 i sagaen om Harald Hårfagre.

Av .

Dei fyrste sagaene på norrønt handla om helgenar. Derfor blir dei kalla helgensagaer. Seinare skreiv folk fleire andre typar sagaer:

  • Kongesagaer, om kongane i Noreg
  • Islendingesagaer, om høvdingar og ættar på Island
  • Biskopssagaer, om viktige biskopar på Island

Mange forteljingar om riddarar blei omsett frå gamalfransk til norrønt. Dei blei kalla riddarsagaer.

Kongesagaer og islendingesagaer handlar mest om ting som hende i vikingtida. Før meinte historikarane at dei norrøne sagaene blei laga i vikingtida og levde som som munnlege forteljingar før dei blei skrivne ned. No meiner dei fleste at sagaene blei laga i mellomalderen, sjølv om handlinga foregår i vikingtida.

Eddadikt og skaldedikt

Den mest berømte delen av norrøn litteratur er ei samling dikt som kallast eddadikt. Dei handlar om norrøne gudar som Tor, Odin og Frøya, og om heltar som Sigurd Fåvnesbane. Ein veit ikkje kven som har skrive dei.

Den eldste delen av norrøn litteratur er skaldedikt. Ofte veit ein kven som dikta dei. Dei var skaldar, altså diktarar, som tente hos kongen. Jobben var å dikte flott om kongen og ting han hadde gjort. Mange skaldedikt blir nemnt i kongesagaer og islendingesagaer, men dei er ofte mykje eldre enn sagaene dei står i.

Snorre Sturlason

Den mest berømte forfattaren av norrøn litteratur er Snorre Sturlason. Han levde på Island i 1179–1241. Snorre skreiv historia til dei norske kongane og samla dei i boka Heimskringla. Han skreiv òg ei lærebok om skaldedikting og norrøn mytologi. Den boka blir kalla Den yngre Edda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hilde Bliksrud
Det Norske Akademis ordbok