Grammatikk er systemet i eit språk. Alle språk har innebygde reglar som styrer korleis språket er.

Ved hjelp av grammatikk kan ein forklare kvifor noko er rett å skrive, og noko anna er feil. Til dømes er det rett på norsk å skrive «ei god bok» og ikkje «eit god bok». Grammatikken forklarer kvifor det skal vere sånn.

Grammatikk er delt opp i fleire system:

  • Eit system for lydane i språket, det heiter fonetikk
  • Eit system for å bøye ord og lage nye ord, det heiter morfologi
  • Eit system for korleis ein set saman ord til setningar, det heiter syntaks
  • Eit system for kva ord og setningar betyr, det heiter semantikk
  • Eit system for orda i språket, det heiter ordforråd eller ordtilfang

Utvikling av grammatikk

Grammatikken i eit språk utviklar seg ofte over tid. Endringar i samfunnet, ny teknologi, kultur og kontakt med andre språk kan alle påverke utviklinga. For eksempel låner norsk mange ord frå engelsk, ofte med lydar som elles ikkje finst i norsk. Det kan òg være ord med engelsk bøying, og ein lagar setningar på ein måte som er påverka av engelsk.

To former for grammatikk

Ein kan beskrive grammatikken til eit språk på to måtar:

  • Korleis språket faktisk blir brukt, korleis det er. Dette blir kalla deskriptiv grammatikk. Deskriptiv betyr å beskrive. I denne beskrivinga er det ikkje noko som er rett eller feil, så lenge dei som snakkar språket meiner det er rett.
  • Korleis språket bør vere. Dette blir kalla normativ grammatikk. Normativ betyr å bestemme korleis noko skal vere. Reglane i ein normativ grammatikk har gjerne blitt laga for mange år sidan. Dei tek ikkje alltid omsyn til at det er naturlege skilnader i eit språk, og at språket utviklar seg. På skulen lærer vi ein normativ grammatikk for nynorsk og bokmål, men ikke for dei dialektane vi snakkar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo