Forskjellige typar hundar som ligg og sitt.
Hundar kan sjå veldig ulike ut. Dei kan ha heilt ulik type pels og storleik.
Foto
Av /NTB scanpix.

Hund er eit pattedyr som er eit veldig vanleg kjæledyr. Det finst rundt 250 ulike hunderasar i Noreg.

Forskarar trur at hundar stammar frå ulv, men veit ikkje kvar og når dei har blitt temma. Dei fleste hundane i verda lever fritt.

Beskriving

Det finst hundar i ulike storleikar, fargar og fasongar. Nokre hundar veg under éin kilo, og andre veg like mykje som eit vakse menneske.

Menneske har avla på hundar i fleire hundre år. Dei har avla fram særskilde trekk hos dyra, fordi dei skulle bruke dei til ulike ting. Hundar kan brukast til mykje forskjellig, difor er det mange ulike rasar av hundar. Nokre hunderasar treng mykje aktivitet, medan andre trivst best i ein roleg heim.

Hannar blir kalla hannhund. Hoer blir kalla tispe. Ungar blir kalla kvalp.

Sansar

Foto av snuta til ein hund

Luktesansen er viktig for hundar.

Hunden har dei same sansane som mennesket, men bruker dei ulikt:

  • Syn: Hunden kan sjå færre fargar enn menneske, men kan ofte sjå eit større område. Hunden er flink til å oppfatte raske bevegelser.
  • Høyrsel: Hunden kan høyre lysare lydar enn mennesket, men er ikkje like flink til å høyre kvar lyden kjem frå.
  • Lukt: Hunden kan leggje merke til svært svake lukter. Forma til snuten gjer at hunden kan vite kva retning lukta kjem frå. Luktesansen er den viktigaste sansen til hunden.
  • Kjensle: Hunden kjenner smerte, at nokon tek på den og kor varmt det er gjennom huda. Hunden har dessutan viktige vêrhår ved snuten, augebryna og kinna. Vêrhåra blir brukte til å forsterke dei andre sansane. Dei kan merke at når dei kjem borti noko, og når noko rører seg.

Levevis

Hunden luktar på ein bil. Ein politibetjent held hunden i band og følgjer han.
Hundar kan jobbe med politiet. Dei kan til dømes lukte om nokon har gøymd narkotika i bilar eller koffertar. Biletet syner en kvalp av rasen schäfer, som trener seg til å lukte fram narkotika.
Foto
Av /Shutterstock.

Hunden trivst i flokk, og knyter seg like godt til menneske som til andre hundar. Hunden set seg raskt inn i vanene til eigaren for turar og mating. Ein fornøgd hund søv i 12–18 timar om dagen.

Det er vanleg å gi dei fôr laga spesielt for hundar. Hundefôr inneheld ofte restar av kjøt og bein. Hunden skal alltid ha tilgang til reint vatn.

Ein hund blir vanlegvis rundt ti år. Små hundar lever som regel lenger enn store hundar.

Åtferd

Hunden er intelligent, sosial, viser kjensler og forstår ofte kva eigaren vil. Hunden blir ofte kalla «menneskets beste venn».

Nokre typar hundar kan gjere arbeid for menneska. Dei kan til dømes brukast til å finne folk som har gått seg vill, trøyste og hjelpe folk som er sjuke, gjete sauar, trekke slede og søke etter narkotika.

Formeiring

Tisper kan få ungar frå dei er 8–9 månader gammal. Ein hund kan bli drektig to gonger i året. Det heiter løpetid. Tispa går drektig i ni veker og får vanlegvis eit kull på fem eller seks kvalpar.

Kvalpen må ikkje skiljast frå mora før han er åtte veker gammal.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo