Logo
Forsvaret.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Heimevernet er den største delen av det norske forsvaret, med om lag 40 000 soldatar over heile landet. Heimevernet har sivile og militære oppgåver. Soldatane har oppdrag både når det er fred, og viss det blir krig.

Alle soldatane i Heimevernet har har militær trening frå førstegongsteneste i Forsvaret. Heimevernet blir ofte forkorta til HV, og soldatane blir kalla HV-soldatar.

Oppgåver

Når det er fred skal Heimevernet framfor alt hjelpe ulike delar av det sivile samfunnet i Noreg. Viss det blir ei alvorlig krise kan HV-soldatar bli sendt for å hjelpe. For eksempel har soldatar frå Heimevernet hjelpt til etter naturkatastrofar som flaum. HV-soldatar hjelpte til med å vokte grensa under koronapandemien. Hjelp til politiet høyrer også til oppgåvene.

Viss det blir krig skal kan Heimevernet for eksempel bli satt til å vokte og forsvare militære og sivile stader, for eksempel havnar og flyplassar.

Organisering

Heimevernet er til stades over heile landet. Kvar HV-gruppe har ansvar for området rundt der dei bur. Siden dei bur i nærleiken kan dei komme raskt til ein stad for å hjelpe. HV-soldatane er òg godt kjende i området dei har ansvar for.

Soldatar i Heimevernet er som oftast vernepliktige. Ein del av offiserane jobbar i Forsvaret.

Forsvaret i Noreg

Forsvaret i Noreg er mellom anna delt i tre det som blir kalla greiner, eller forsvarsgreiner. Desse er Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret. Heimevernet er eigentleg ikkje ei eiga forsvarsgrein, men reknast ofte som det likevel.

Historie

Heimvernet vart danna i 1946, tufta på erfaringane til den norske motstandsrørsla under andre verdskrigen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Leraand