Båtside av en båt i fart. Grå himmel og hav. En mann går på en smal dekkstripe mens han holder seg fast. På siden av båten står det med store bokstaver HORN FLYER. Foto
Maskinist er ein skipsoffiser som arbeidar på båtar som ikkje er militære. Her er maskinisten på redningsskøyta Horn Flyer.
Fotografi
Av /NTB.

Ein offiser er oftast ein militær leiar. Offiserar er leiarar for soldatar eller ei avdeling i et forsvar, eller på eit sivilt skip.

Offiserar i Forsvaret

I det norske forsvaret er det forskjellige gradar, eller nivå, for offiserar. Den lågaste graden er fenrik. Dei øvste gradane er general i Hæren og Luftforsvaret og admiral i Sjøforsvaret.

I Noreg er utdanning til offiser ei høgre utdanning ein kan ta på ein krigsskule.

Offiserar på skip

Offiser blir òg brukt om leiarar på skip, som har utdanning frå ein høgskule med sjøfartsfag eller tekniske fag. Desse offiserane har andre gradar enn i militæret, med kaptein som det øvste.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Leraand