Et militærfly og to personer i militærgrønne uniformer på gulvet i en hangar. Gulvet er markert med gule striper. Foto
Kampflyet F-35 Lightning II på Luftforsvaret si flybase på Evenes i Nordland
Av /Forsvaret.
Lisens: CC BY 2.0

Luftforsvaret er den delen av det norske Forsvaret som forsvarer Noreg frå lufta. Til det nyttar Luftforsvaret fly, helikopter, droner og ulike typar overvåking. Luftforsvaret driv òg forsvar frå bakken.

Utstyr

Luftforsvaret har utstyr for å forsvare landet mot angrep frå lufta. Dei har for eksempel våpen på bakken som kan skyte ned fly eller rakettar frå fienden. Dette kallast luftvern.

Luftforsvaret har over 100 ulike flymaskiner. Nokre av dei er utstyrte med våpen, andre ikkje. Luftforsvaret har mellom anna:

  • droner
  • kampfly
  • transportfly
  • helikoptre
  • overvåkningsfly

Organisering

Luftforsvaret har flystasjonar, som og blir kalla basar, fleire stader i landet. Kampflya er på Ørlandet i Trøndelag og på Evenes i Nordland. Militære helikoptre finst på Rygge i Østfold, Bergen i Vestland og Bardufoss i Troms. Gardermoen flyplass har òg ein militær del, der transportflya held til.

Luftforsvaret har og ansvar for dei sivile redningshelikoptra. Dei finst på sju ulike flyplassar i Noreg.

Forsvaret i Noreg

Forsvaret i Noreg er delt inn i mange store og små deler. Tre av hovuddelene blir kalla greiner eller forsvarsgreiner. Desse greinane er:

Heimevernet er eigentleg ikkje ei eiga forsvarsgrein, men reknast ofte som det likevel.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Leraand