Faktaboks

sameflagget

det samiske flagget

Det moderne samiske flagget.
.
Lisens: fri
Nokre personar i vrengde samiske kufter held oppe eit samisk flagg. Under flagget går det andre personar, også med vrengde kufter, flagget skuler overkroppen og hodet deira.

Det samiske flagget og vrengde kofter er viktige symbol for samar som demonstrerer mot vindturbinane, som øydelegg for reindrifta i Fosen i Trøndelag.

Foto frå demonstrasjon
Av /NTB.

Sameflagget er flagget til den samiske nasjonen. Det er eit felles, internasjonalt symbol for alle samar.

Det blir brukt som felles flagg for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

I Noreg blir det sidan 2003 flagga med sameflagget på offentlege bygningar på den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Beskriving

Sameflagget er påvirka av tradisjonelt samisk duodji (kunsthåndverk). Fargane raudt, blått, gult og grønt er vanliee på kofter, tradisjonelle samiske klede.

Symbola på flagget har ikkje ei bestemd tyding. Men den delte sirkelen er eit gamalt samisk symbol. I flagget kan den raude halvdelen symbolisere sola og den blå månen. Sirkelen er òg ei vanleg form ein kan kjenne att frå både eldstad, lávvvu og samiske trommer.

Sirkelen og stripene i gult og grønt er plasserte i venstre del av flagget for å likne korleis korset er plassert på mange andre nordiske flagg. Til dømes flagga frå Noreg og Færøyane.

Historie

Det første samiske flagget hadde òg eit raudt og blått felt, med ei gul stripe. Men det var utan sirkelen og den grøne stripa.

Det grønlandske flagget, som er frå 1985, har òg ein delt sirkel plassert til venstre for midten av flagget. Det australske urfolket aboriginerne har ein stor gul sirkel i flagget sitt.

Det at andre urfolk har liknande symbol i flagga sine, bidrog til at sirkelen blei lagt til i sameflagget i 1986.

Bruk av flagget

Sameflagget er i dag eit vanleg og gjenkjenneleg symbol for det samiske samfunnet. Flagget og fargane frå flagget blir gjerne brukt i andre samanhengar. I skular og barnehagar over heile Noreg brukar mange barn flagget rundt feiringa av den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torjer Andreas Olsen
UiT – Norges arktiske universitet