Nærbilete av ein musikar som bles inn i ein saksofon av messing.

Saksofonar har 20 fingerhol og 24 klaffar og er vanlegvis laga av messing.

Foto av saksofon.
Av /Shutterstock.

Saksofon er eit musikkinstrument der lyden blir laga ved at ein blåser inn i det.

Sjølv om saksofonar er laga av metall, er han eit treblåseinstrument. Det er fordi det blir lyd ved at saksofonisten blåser luft inn i instrumentet mot eit slags blad som vanlegvis er laga av bambus. Resten av instrumentet er laga av metall.

Saksofonar finst i ulike storleikar med litt ulik lyd.

Saksofon blir brukt i mange musikksjangrar:

Bruk

Foto av munnstykker.

Saksofon blir rekna som eit treblåsarinstrument, på same måte som klarinett. Det er fordi røyrbladet i munnstykket vanlegvis er laga av tre. Røyrblad blir også kalla flis. Flisa vibrerer når musikaren blæs på han, og det skaper lyd. På biletet er røyrbladet framfor. Til venstre er munnstykket som flisa blir festa på. Til høgre er eit munnstykke i metall, som ofte blir brukt i jazz.

Foto av munnstykker.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Ein som speler på saksofon, blir kalla ein saksofonist.

Saksofonen har eit munnstykke øvst og ein lang kropp med 24 klaffar og 20 hol. Nedst er det ei klokkeforma opning der lyden kjem ut.

For å spele, blåsar ein luft inn i eit munnstykke. Inne i munnstykket sit det eit røyrblad, som òg blir kalla ei «flis». Det liknar på munnstykket til klarinetten. Når musikaren blæs inn i munnstykket, vibrerer flisa, og det blir lyd. For å lage ulike tonar, pressar saksofonisten med fingrane på dei ulike hola og klaffane.

Historie

Middelaldrande mann som held ein saksofon

Jan Garbarek er ein av dei mest kjende saksofonistane i Noreg.

Foto av Jan Garbarek.
Av .

Saksofonen blei oppfunnen på 1840-talet av Adolph Sax frå Belgia. Instrumentet er oppkalla etter han.

I byrjinga blei saksofonen brukt i militærmusikk og klassisk musikk. Men han blei verkeleg populær i jazzmusikken på 1900-talet.

Nokre av dei mest kjende jazz-saksofonistane er:

  • John Coltrane
  • Stan Getz
  • Dexter Gordon
  • Charlie Parker

Etter 1960-åra har saksofon også blitt mykje brukt i popmusikk og rock.

Norske saksofonistar

Jan Garbarek er ein av Noregs mest kjende saksofonistar. Han har vore ein sentral jazzmusikar sidan 1970-talet og har vunne mange prisar for musikken sin. Han er kjend i mange land.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet