Maleri av St. Sunniva.

Sankt Sunniva er ein norsk helgen.

Maleri av St. Sunniva.
Av /NTNU Vitenskapsmuseet .

Helgen er ein person som blir rekna som heilag i ein religion. Helgenar blir ofte rekna for å ha spesiell kontakt med Gud.

Mange kristne helgenar er martyrar, det vil seie at dei blei drepne fordi dei var kristne. Andre blei anerkjende som helgenar fordi dei var veldig gode menneske som ofra seg for at andre skulle få det betre.

Før nokon kan bli anerkjende som helgen blir det som regel gjennomført grundige undersøkingar frå leiarane i eit kyrkjesamfunn.

Helgenar blir dyrka gjennom å be til dei, eller reise til stader dei levde eller døde.

Gravstadene deira blir ofte oppfatta som heilage. Også restane av dei døde kroppane deira (relikviane) kan oppfattast slik. Dei er då pakka inn i vakre teppe. Dei truande kan då berøre dei for slik å hente styrke frå heilagdommen deira. Det er vanleg, særleg for katolikkar og ortodokse, å dra på pilegrimsreiser til slike stader.

Eit berømt pilegrimsmål er Lourdes i Frankrike. Der var det den 14 år gamle Bernadotte Soubirous meinte å ha møtt Jomfru Maria 18 gonger. Kvart år reiser tusenvis av menneske dit.

Ein del kristne trur at helgenar kan utføre mirakel, som å gjere ein sjuk person frisk eller få blinde til å sjå igjen. Nettopp derfor drar mange syke til Lourdes.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Berit S. Thorbjørnsrud
Professor, Universitetet i Oslo