Foto av bokomslag.
Jan Erik Vold debuterte med diktsamlinga «Mor Godhjertas glade versjon. Ja» i 1968. Mange av dikta handlar om kvardagslege ting, som til dømes trikkeskjener:
Tenkte jeg skulle skrive et dikt om trikkeskinner.
Engang begynte jeg på ett:
Byen ligger bundet i sitt nett av trikkeskinner
– kom ikke lenger.
Foto av bokomslag.
Gyldendal Norsk Forlag.
Lisens: Brukerspesifisert

Modernismen er ein periode i norsk litteratur som byrja på 1890-talet. Det er både namnet på litteratur med eigne kjenneteikn og ein avgrensa periode i litteraturhistoria. Det viktigaste med modernistisk litteratur er at forfattarane prøver ut nye måtar å skrive på. Det blir skrive modernistisk litteratur i alle sjangrar.

I Noreg seier ein at Knut Hamsuns roman Sult frå 1890 var den første modernistiske romanen. Sigbjørn Obstfelder er kjend for å innleie den modernistiske lyrikken i Noreg.

Kjenneteikn

Modernismen handlar mykje om å bryte med det gamle og skape noko nytt. Forfattarane ville skrive på sin eigen måte, utan å følgje for mange reglar.

Forfattarane eksperimenterte med form og innhald. I staden for å følgje ei historie kronologisk, det vil seie i riktig rekkjefølgje i tid, kunne handlinga hoppe fram og tilbake eller stå heilt stille.

Dikta er helst utan fast rytme og enderim. Setningane kan vere brotne. Modernistiske dikt har ofte også kvardagslege ord, noko som var nytt. Lyrikaren Rolf Jacobsen skriv til dømes om moderne byliv, om gravemaskiner og trafikklys.

I modernistiske tekstar kan meininga vere vanskelegare å få auge på enn i tidlegare dikting. På denne tida er trua på Gud svekt, og menneska kjenner seg aleine. Difor skriv modernistane gjerne om kjensler som angst, einsemd og det å kjenne seg framand eller annleis.

I modernismen er det viktigare å få fram stemningar enn å fortelje ei samanhengande historie. Forfattarane er meir opptekne av å skildre det indre livet enn det ytre samfunnet, til skilnad frå forfattarane i realismen.

Nokre kjende forfattarar

Portrett av Solstad og bokomslag.

Dag Solstads første roman var Irr!Grønt! Den kom i 1969 og blir rekna som eit av hovudverka frå 1960-talsmodernismen.

Foto av bokomslag
Forlaget Oktober..
Lisens: Brukerspesifisert

Jan Erik Vold er ein typisk modernistisk diktar. Han skriv om kvardagslege ting i eit kvardagsleg språk. Hans store gjennombrot kom i 1968 med samlinga Mor Godhjertas glade versjon. Ja. Eit kjent dikt herfrå er «Trikkeskinnediktet».

Tor Åge Bringsværd og Jon Bing introduserte science fiction som ein eigen sjanger på norsk. Dei har gjeve ut fleire novellesamlingar saman, og har skrive tekstar for radio, TV og teater.

Dag Solstad skriv mellom anna om kampen til arbeidarklassen for eit meir rettferdig samfunn. Kjende bøker er Irr.grønt! (1969) og 25. septemberplassen (1974).

Andre kjende forfattarar og nokon av dei kjende verka deira frå denne perioden:

  • Claes Gill, lyrikk Fragment av et magisk liv (1939)
  • Tarjei Vesaas, Fuglane (1957) og Isslottet (1963)
  • Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966)
  • Liv Køltzow, Hvem bestemmer over Bjørg og Unni (1972)
  • Cecilie Løveid, Måkespisere (1983)
  • Kjell Askildsen, Et stort øde landskap (1991)
  • Jon Fosse, Nokon kjem til å kome (1996)

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hilde Bliksrud
Det Norske Akademis ordbok