Foto av bokomslag.
Den engelske forfattaren Virginia Woolf var ein av dei mest kjende modernistane på 1900-talet. Ho var også litteraturkritikar og feministisk tenkjar. Boka Eit eige rom kom ut i 1929 og er eit langt essay om kvinner og litteratur.
Foto av bokomslag.
Av .
Lisens: Brukerspesifisert

Modernismen var ein periode og ein stil i europeisk og amerikansk litteratur som varte frå cirka 1890 til 1940. I modernismen eksperimenterte forfattarane mykje med språk og form. Mange av tekstane handla om livet i store byar og om menneske som kjende seg framande i sine eigne liv.

Modernistane skreiv innanfor alle typar sjangrar.

Modernisme er også namnet på ein periode i kunst og musikk.

Kjenneteikn

Fot av bokomslag.

Den irske forfattaren James Joyce var viktig for utviklinga av den modernistiske romanen. Han brukte ein skrivestil med mykje indre monolog og medvitsstraum. Det vil seie at lesaren følgjer tankane og kjenslene til hovudpersonen. I romanen Ulysses følgjer ein Leopold Bloom og hans liv i eitt døgn i Dublin i 1904.

Fot av bokomslag.
Cappelen Damm Forlag.
Lisens: Brukerspesifisert

Modernismen var ein reaksjon på tidlegare periodar. Romantikken blei no sett på som overdrive og kunstig. Realismen blei sett på som ei overflatisk framstilling av livet.

I modernismen ville forfattarane komme endå nærmare det som var verkeleg, røynda. Dei skildra kjensler og stemningar. Dette gjaldt spesielt kjensler som angst og einsemd.

Litteraturen frå modernismen kan ofte vere usamanhengande og uforståeleg. I staden for å beskrive det som skjedde frå byrjing til slutt, hoppar forfattarane i tid når dei skriv. Handling og personar går nesten i oppløysing. Stemning og kjensler blir viktigast.

Av og til kan ein følgje det indre livet til hovudpersonen. Då kan det vere både kaos og uro. Andre gonger følgjer ein karakterene berre utanfrå, slik at ein ikkje blir kjend med nokon av tankane deira.

Medvitsstraum er ein vanleg skrivemåte i modernismen. Medvitsstraum er når den som skriv lèt tankar og kjensler komme i ein fri straum. James Joyce og Virginia Woolf er begge forfattarar som er kjende for denne skrivemåten.

Litteraturen i modernismen

Foto av bokomslag.

Knut Hamsuns Sult blir rekna som den første modernistiske romanen i Noreg.

Foto av bokomslag.
Gyldendal Forlag.
Lisens: Brukerspesifisert

Under modernismen voks byane og det moderne samfunnet fort. Dette var med på å skape kjensla av å vere på ein framand stad. Mange kjende seg ikkje igjen i den verda dei budde i. Forfattarane i modernismen ønskjer å skildre denne kjensla.

I Noreg blir Knut Hamsuns roman Sult frå 1890 rekna som den første modernistiske romanen. Elles er Virginia Woolf, Franz Kafka, William Faulkner og Samuel Beckett kjende modernistiske forfattarar.

Modernistiske dikt var ofte utan fast rytme og utan enderim. Akkurat som romanane var dikta gjerne kaotiske. Det var viktigare å få fram ei stemning enn ein tydeleg bodskap. Det blei ofte brukt kvardagslege ord og uttrykk.

I tidlegare periodar var lyrikken meir opphøyd og svulstig. Modernistiske lyrikarar ville skrive nærmare det verkelege livet.

Etter andre verdskrigen blei skrivestilen meir og meir blanda med vanleg realisme. Det kom også tilbake element frå romantikken.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger