Faktaboks

menneskerettsdomstolen

Den europeiske menneskerettighetsdomstolen

EMD

Menneskerettsdomstolen er ein domstol for saker om menneskerettar i land i Europa. Domstolen blir ofte berre kalla EMD fordi namnet Den europeiske menneskerettighetsdomstolen er så langt.

EMD avgjer om landa i Europa har følgt avtalen dei har om menneskerettane til folk som bur i landa. Avtalen heiter Den europeiske menneskerettskonvensjonen, og blir forkorta EMK. Ein konvensjon er ein avtale mellom statar.

EMD held til i Strasbourg i Frankrike. Domstolen blei grunnlagd i 1959.

Europarådet

EMD er ein del av ein organisasjon som heiter Europarådet.

Europarådet passar på at landa som blir dømde i EMD, gjer det dei skal for å ikkje bryte menneskerettane fleire gonger.

Nesten alle landa i Europa er med i Europarådet. Russland blei stengt ute frå Europarådet og EMD etter at landet invaderte Ukraina i 2022.

Saker for domstolen

Om nokon meiner at eit land i Europa har brote ein menneskerett, kan dei sende ei klage til EMD. Domstolen får veldig mange klager. Mange klager blir avvist.

Når EMD behandlar ei sak, vil dommarane høyre meininga til landet og personen som har klaga på landet. Så ser dommarane nøye på reglane i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Til slutt avgjer dei om landet har gjort noko gale eller ikkje. Det dei bestemmer, blir skrive ned i ein dom.

I perioden 1959–2022 ga EMD meir enn 20 000 dommar der europeiske land hadde brote menneskerettane. Over halvparten av sakene gjaldt Tyrkia, Russland, Italia, Ukraina og Romania. Det betyr at dei landa ganske ofte bryt menneskerettane til folk som bur der.

Dommarane i EMD

I EMD jobbar det éin dommar frå kvart av landa i Europarådet. I 2023 var det 46 dommarar.

Dommarane er ikkje på jobb for landet sitt. Dei skal ikkje ta parti for sitt eige land eller eit anna land, men dømme rettferdig etter reglane. Det blir kalla å vere upartisk.

Domarane er ikkje med på å dømme i saker som handlar om deira eige land.

Dommar mot Noreg

Noreg har blitt dømt i EMD 48 gonger sidan 1959. Dei siste åra har fleire dommar handla om at det norske barnevernet har brote det som blir kalla retten til familieliv.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør