To store røde rundinger som ligger inn til hverandre. Det er oksygenmolekyler. To og to mindre grå rundinger som ligger inn til hverandre, det er hydrogenmolekyler. En pil viser overgangen til at hver store, røde runding får to grå, små rundinger inn til seg.

Eit eksempel på ein kjemisk reaksjon er at eit hydrogenmolekyl og to oksygenmolekyl reagerer og blir til to vassmolekyl. Dette kan skrivast med denne reaksjonslikninga:

2H2 + O2 → 2H2O

Illustrasjon av modell for danning av vatn.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Ein kjemisk reaksjon er når eitt eller fleire stoff blir til eitt eller fleire nye stoff. Kjenneteikn på at det har skjedd ei kjemisk reaksjon kan for eksempel vere at stoffet byter farge, det blir laga ein gass, eller det blir varmt.

Alle stoff er laga av atom. Atoma heng saman fordi det er tiltrekkende krefter mellom dei, litt som magnetar som heng saman. Kreftene mellom atomar blir kalla kjemiske bindingar. Når kjemiske bindingar blir brotne, og atoma blir sett saman på nye måtar, har det skjedd ein kjemisk reaksjon. Ofte har stoffa som blir laga i reaksjonen andre eigenskapar enn dei første stoffa.

Ulike kjemiske reaksjonar

Nokre kjemiske reaksjonar kan vere raske, og føre til eksplosjonar. Andre kjemiske reaksjonar tek lang tid. Eit eksempel på ein langsam reaksjon er når jern rustar.

Nokre kjemiske reaksjonar skjer ved bestemde temperaturar og krev energi, eller treng lys for at det skal skje noko. Andre kjemiske reaksjonar frigjer energi i form av lys eller varme. Nokre reaksjonar skjer av seg sjølv, medan andre treng hjelp frå ein katalysator eller frå energi.

Eksempel på reaksjonar:

  • at jern blir til rust
  • å forbrenne bensin for å frigjere energi
  • gjæring
  • fotosyntesen

Stoff som ikkje reagerer

Det er ikkje alle stoff som reagerer viss dei blir blanda. Då skjer det ingen kjemisk reaksjon. For eksempel vil olje og vatn som blir blanda i eit glas, skilje seg etter ei stund. Dei har ikkje reagert med kvarandre.

Is som smeltar og blir til vatn, har heller ikkje vore i ein kjemisk reaksjon. Molekyla er dei same i is og i vatn. Ein kjemisk reaksjon vil seie at molekylet blir endra.

Reaksjonslikningar

For å vise kva som skjer i ein kjemisk reaksjon, er det vanleg å skrive reaksjonen som ei likning.

Stoffa som reagerer med kvarandre i ein kjemisk reaksjon blir for kalla reaktanter. Dei stoffa som blir danna etter ein kjemisk reaksjon blir kalla produkt.

Dei kjemiske formlane for reaktantene står på venstre side, og produkta står på høgre side av likninga. I ei balansert likning er det like mange av kvart grunnstoff på kvar side av likninga. Pila syner at det har skjedd ein reaksjon.

Eksempel på ei reaksjonslikning:

O2 + 2H2 → 2H2O

Denne likninga syner at eitt oksygen-molekyl reagerer med to molekyl av hydrogen-gass og dannar to vassmolekyl.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Eikeseth
NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet