Katalysator er eit stoff som gjer at ein kjemisk reaksjon startar, eller at han går raskare. Det skjer utan at stoffet sjølv blir forandra.

Katalysatorar kan vere faste stoff, flytande eller gass.

Katalysator blir også brukt i bilar. Der er det eit system for å reinse gass som blir montert i eksosanlegget. Katalysatoren skal gjere at det blir mindre utslepp av skadelege gassar frå bilane.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Eikeseth
NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet