Røyk og steinsprut fra en eksplosjon ute på et jorde.
En eksplosjon er ein kjemisk reaksjon.
Foto av eksplosjon.
Av /Shutterstock.

I kjemi er ein eksplosjon ein kjemisk reaksjon. Ein eksplosjon frigir varme, lagar ein eller fleire gassar, og lagar trykkbølgjer.

Lyden i ein eksplosjon kjem som regel av at noko går sund, eller at ein noko aukar i volum veldig fort. Når noko aukar i volum veldig fort, blir det laga trykkbølgjer. Trykkbølgjer i luft høyrest som eit kraftig smell.

Når noko eksploderer

Eksplosjonar kjem av ein kjemisk reaksjon. Stoff som kan føre til store eksplosjonar blir kalla for sprengstoff. Nokre sprengstoff er ustabile. Då skal det lite til før det skjer ein eksplosjon.

Dei fleste sprengstoff treng noko som set i gang reaksjonen. Ein kubbe med dynamitt som får liggje i fred, kan liggje lenge. Viss nokon tenner på han eller er uforsiktig, kan han eksplodere. Av og til er det andre kjemiske stoff som kan setje i gang ein reaksjon, andre gonger er det ein liten flamme, eller rørsle.

I ein eksplosjon skjer den kjemiske reaksjonen på ein måte som lagar eit trykk på alt rundt. Dette trykket bevegar seg som ei bølgje frå eksplosjonen. Viss trykkbølgja går saktare enn lyd, blir eksplosjonen kalla deflagrasjon. Viss trykkbølgja går raskare enn lyden, blir ho kalla detonasjon.

I tillegg til trykkbølgja, lagar den kjemiske reaksjonen gass. Fordi gassen er varm, vil han også skape eit trykk utover.

Trykket frå trykkbølgjene, energien og trykket frå gassen har nok kraft til å kunne sprengje sund fjell.

Døme på sprengstoff

En gammeldags kanon med en eksplosjon foran. Kanonen står på en gressplen ute.
Krut er eit døme på sprengstoff. Krut kan brukast i kanonar for å gi kanonkula fart.
Foto av kanon.
Av .

Eit døme på eit sprengstoff er krut. Krut kan brukast i kanonar for å gi kanonkula fart. Når krut kjem i kontakt med eld, skjer ein kjemisk reaksjon som lagar gass. Denne gassen er varm og treng meir plass enn det som finst i kanonløpet. Derfor trykkjer gassen mot kanonkula. På grunn av dette får kanonkula stor fart.

Nokon gassar kan vere eksplosive når dei blir blanda med oksygen i luft. Ei blanding av hydrogengass og oksygengass blir kalla knallgass fordi den det skal veldig lite til for at ho eksploderer.

Sikkerhet

For å unngå eksplosjonar ein ikkje ønskjer, er det mange reglar for korleis ein skal behandle kjemikaliar og korleis dei skal lagrast. Det er til dømes nokon stoff ein må ha godkjent løyve for å få kjøpe.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Eikeseth
NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet