Luftfoto av landskap på en øy med spisse fjelltopper dekket av snø og is. Foto
Under istider på Jorda har store delar av jordkloden vore dekt av breer. På Svalbard er det mange isbrear, og mykje av landet er dekt av is og snø.
Foto fra Svalbard
Av /Shutterstock.

Istid er perioder i Jordas historie der klimaet var så kaldt at store delar av Jorda blei dekt av is og isbrear. Isen var fleire kilometer tjukk nokon stader. Den dekte både land og grunne havområde.

Det har vore mange istider i Jordas historie. No er Jorda i ein kald periode som har vart i 2,6 millionar år. Det har vore nesten 50 istider i løpet av denne perioden. Pausar mellom istider blir kalla mellomistider. Siste istid var ferdig for omtrent 10 000 år sidan, og det vi lever i no, er ei mellomistid. Det betyr at det er litt varmare klima no enn det var under siste istid.

Spor

Foto av svaberg med noen horisontale fordypninger i striper. Et kompass med rød snor ligger på en av steinene for å vise størrelsen og retningen på stripene. De er på linje ut mot vannet.

På svaberg i Fanafjorden i Vestland kan man sjå skrapemerke frå siste istid. Stripene blir kalla skuringsstriper. Isbreen har bevega seg frå høgre mot venstre. Kompasset på fotografiet ligg langs skuringsstripene.

Foto av skuringsstriper
Lisens: CC BY SA 3.0

Istidene har forma mykje av landskapet i Noreg og andre stader i verda.

Isbrear flyttar seg på underlaget, og har kraft til å forandre heile landskap.

Isbrear lagar mellom anna:

Det finst spor der isbreen har bevega seg. Breen drar med seg stein og grus som skrapar på underlaget. Fjell som har vore under isbreen, får skrapemerke. Desse blir kalla skuringsstriper.

I Tyskland, Danmark og på botnen av Nordsjøen finst stein som isbreane har flytta frå fjell i Noreg. Store stein som breen har flytta blir kalla flyttblokker. Flyttblokker frå Skandinavia finst så langt sør som i Nederland.

Periodar med istider

Det kan gå fleire hundre millionar år mellom kvar kalde periode. Jordas overflate var annleis for milioner og milliardar av år sidan. Kontinenta har bevega seg rundt på overflata gjennom heile Jordas historie.

Forskarar har funne spor etter fem kalde periodar på jorda:

  1. Dei eldste spora etter ei istid er frå omtrent 2300 millionar år sidan. Desse spora er gamle typar av stein i Canada og Australia.
  2. Den neste perioden var for mellom 850 og 630 millionar år sidan. Ei av istidene frå denne perioden heiter Varangeristida. Forskarar meiner at dette er den kaldaste perioden Jorda har hatt, og at nesten heile kloden var dekt av is.
  3. Den tredje perioden var for rundt 450 millionar år sidan. Spor frå denne perioden finst i ørkenen Sahara nord i Afrika.
  4. Den fjerde perioden var for mellom 360 til 260 millionar år sidan. Spor frå denne perioden finst i Sør-Afrika, Sør-Amerika, Australia og Antarktis.
  5. Den femte perioden er den Jorda er i no. Den har vart dei siste 2,6 millionar åra. Den blir òg kalla kvartærtida.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Mangerud
Professor emeritus, Universitetet i Bergen