Budsjett er ein plan for pengar for ein avgrensa tidsperiode, for eksempel ein månad eller eit år. Målet med eit budsjett er å passe på at ein ikkje bruker meir pengar enn ein har. Når eit budsjett viser at ein ikkje bruker meir enn ein har, seier vi at budsjettet er i balanse.

I budsjettet skal det vere oversikt over:

  • kor mykje pengar ein har (formue)
  • kor mykje pengar ein vil tene (inntekter)
  • kor mykje pengar ein vil bruke (utgifter)

Det finst fleire typar av inntekter og utgifter i eit budsjett. Kvar type blir kalla ein budsjettpost. Ein budsjettpost kan til dømes vere utgifter til mat.

Typar

Det finst fleire typar budsjett:

Budsjett og rekneskap

Budsjett er ein plan som blir laga før pengane blir brukte.

Pengane blir ikkje alltid brukte akkurat som det var planlagd. Ei oversikt over korleis pengane faktisk vart brukt, blir kalla rekneskap.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Katrine Nyhus
Professor i markedsføring, Universitetet i Agder