Illustrasjon

Ein mangekant med seks sider er ein heksagon. Eit heksagon er ein flat figur.

Illustrasjon
Av .
Illustrasjon

Ein terning blir også kalla ein kube. Det er ein geometrisk lekam som består av seks like kvadrat, eller firkantar.

Illustrasjon
Av /Store norske leksikon.
illustrasjon pyramide
Pyramide er ein tredimensjonal figur. Pyramide er i geometrien ein lekam som har ei grunnflate med mange kantar og trekanta sideflater. På illustrasjonen er b breidda, l er lengda og h er høgda.
illustrasjon pyramide
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geometri er ein del av matematikken som handlar om figurar, vinklar, flatar og rom.

Figurar

Sirkler, trekantar og firkantar er døme på flate geometriske figurar. Ein mangekant er ein figur som er sett saman av berre rette sider. Vinklane mellom sidene blir kalla sidevinklar.

Terninger, pyramidar og kuler er tredimensjonale figurar. Dei er ikkje flate, men tek opp plass i eit rom. Tredimensjonale figurar blir kalla lekamar.

Flater og linjer

Ei rett linje er den kortaste vegen mellom to punkt.

Ei flate er overflata til ein figur.

Ei kurve er ei krum eller rett linje som ein brukar i eit diagram eller ein graf.

Storleikar

Lengde er storleiken til ei kurve.

Omkrins er lengda av yttersida til ein figur.

Areal er storleiken til ei flate.

Volum er storleiken til ein lekam.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet