Foto av person i sportstøy som løper utendørs på en vei
Å trene er en populær fritidsaktivitet, for eksempel jogging.
Løping på asfalt
Av /Shutterstock.

Fritid er den tida ein har fri frå jobben eller skulen. På fritida kan ein sjølv bestemme kva ein vil gjere utan at jobben eller skulen blandar seg i det. Alle som har jobb eller går på skule, har rett på ei viss mengde fritid. Tid ein bruker på husarbeid eller andre plikter gjeld ikkje som fritid.

Aktivitetar

Foto. Nærbilde av en hånd som holder treskjærer-verktøy over et stykke tre med utskjæringer.
Mange liker å drive med håndarbeid i fritiden sin, for eksempel treskjæring.
Treskjæring
Av /Shutterstock.

Fritidsaktivitetar omfattar svært mange ulike aktivitetar. Nokre eksempel er å:

  • leike og spele spel
  • vere saman med venner og familie
  • lese, teikne og gjere handarbeid
  • trene og delta i idrett
  • vere med på organiserte aktivitetar

Ferie

Foto av to armer som drysser brunt pulver over en brun kake. I bakgrunnen er det forskjellige fat og boller og kjøkkenutstyr.
Baking er en populær fritidsaktivitet.
Baking
Av /Shutterstock.

Ferie er samanhengande fritid. I Noreg har alle rett på 25 dagar ferie kvart år. Dette blir fire veker og ein dag, sidan ein reknar at kvar veke er 6 dagar. Dei fleste arbeidstakarar har avtalar som gir dei rett til fem vekers ferie. Arbeidstakarar over 60 år får endå ei veke ferie.

Vaksne som er i fullt arbeid har 230 arbeidsdagar i året. Elevar i grunnskulen og på vidaregåande skule har 190 skuledagar i eit skuleår. Elever og lærarane deira har ulike ferier frå skulen, som haustferie, vinterferie og lang sommarferie. Mange barn går på SFO i skuleferiane.

Lover og reglar

Arbeidsmiljøloven har reglar for arbeidstid, det vil seie kor lenge ein kan arbeide på ein dag og på ei veke.

Ferieloven er ein viktig lov for alle arbeidstakarar. Loven har reglar som seier at alle skal ha ferie kvart år. Loven seier også at dei skal få betalt feriepengar frå arbeidsgivaren sin.

Historie

Med den industrielle revolusjon endra samfunnet seg. Mange byrja å arbeide på fabrikkar. Dei vart arbeidstakarar og fekk lønn av dei som eide fabrikken for å arbeide der. Lønna var dårleg, dei arbeidde lange dagar og hadde lite fritid.

Arbeidarane starta derfor grupper som jobba for at alle skulle få betre lønn. Dei ville ha reglar for kor lenge ein måtte arbeide kvar dag. Desse gruppene som arbeida for å betre rettane til arbeidarane, blir kalla arbeidarrørsla. Arbeidarrørsla var oppteken av at arbeidarane ikkje berre skulle arbeide, men også ha rett til ferie og fritid.

Retten til årleg ferie har utvikla seg gradvis sidan omkring 1900. Etter andre verdskrigen blei retten til ferie utvida frå to til tre veker. Ferieloven som kom i 1947, sørga for at alle fekk rett til tre vekers ferie. Seinare har talet på feriedagar auka. I 1964 vart retten til feriedagar med lønn auka til 24 dagar, og i 1981 til 25 dagar. Arbeidstakarar over 60 år får ei veke meir enn dei som er under 60.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle