Foto av ein person ved ein kontorpult med PC-skjerm, tastatur og ein gamal telefon

Veldig mange arbeidsplassar i Noreg er på eit kontor.

Kontorplass
Av /NTB.

Arbeidslivet er den delen av samfunnet og livet som handlar om arbeid. Arbeid er i denne samanhengen det same som jobb.

Ordet arbeidsliv blir mellom anna brukt om korleis arbeid fungerer i eit land. Arbeidslivet i Noreg er for eksempel litt ulikt frå arbeidslivet i Frankrike.

Ein kan òg bruke ordet om den delen av ein person sitt liv som handlar om jobb. For eksempel kan ein seie at ein person har hatt «eit langt arbeidsliv som kokk».

Arbeidstakar og arbeidsgivar

I arbeidslivet snakkar ein ofte om forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Ein arbeidsgivar er den som gir folk jobb og lønn. Arbeidsgivar kan vere staten, ein kommune, ein bedrift eller ein person. For eksempel er kommunen arbeidsgivar for rektor, lærarane og andre tilsette i grunnskulen. Rektor er sjef for lærarane, men hen er ikkje arbeidsgivar.

Arbeidstakar er ein person som har eit arbeid. Hen har bestemde oppgåver. Oppgåvene til ein lærar er mellom anna å undervise elevar. Ein bussjåfør har som oppgåve å køyre buss.

Arbeidsmiljølova

Den viktigaste lova for arbeidslivet i Noreg heiter arbeidsmiljølova. Både arbeidsgivar og arbeidstakar må ta omsyn til staten, til arbeidsmiljølova og til andre lover som gjeld for arbeidslivet.

Arbeidstid

Arbeidsmiljølova bestemmer mellom anna kor mange timar det er lov å jobbe i strekk, og kor ofte ein har krav på pause.

I Noreg er det vanleg å jobbe 37,5 timar til saman i løpet av ei veke. Nokon jobbar meir, nokon jobbar mindre.

Viss ein for eksempel jobbar i ein butikk, må ein vere på jobb når butikken har ope. På eit sjukehus må nokon jobbe på kvelden og natta for å ta vare på pasientane.

Lønn

Personer som har jobb får lønn. Lønn er pengar som blir betalte til arbeidstakar. Det er mest vanleg å rekne lønn i timelønn, månadslønn eller årslønn.

Ferie

Alle som har jobb har krav på ferie. I Noreg finst ei eiga lov som blir kalla ferielova.

Det er vanleg at arbeidstakar og arbeidsgivar avtaler når arbeidstakaren kan ha ferie.

Kollegaer

Foto

Ein kan samarbeide med kollegaene sine om å løyse arbeidsoppgåver. Her samarbeider to kollegaer på ein bilverkstad.Kollegaer på bilverkstad.

Kolleger på bilverksted
Av /NTB.

Viss ein jobbar saman med andre, blir desse personane kalla kollegaer. Det er vanleg å samarbeide med kollegaene sine. For eksempel må to snikkarar samarbeide når dei skal byggje ei hytte.

Ein kan ha mange kollegaer, få eller ingen kollegaer. Mange synest det er fint å ha kollegaer. Då kan ein samarbeide, diskutere oppgåver og ete matpakka si saman i pausen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle