Foto av biogassanlegg på Romerike.

På Romerike Biogassanlegg blir matavfall frå Oslo omdanna til biogass og gjødsel.

Foto av biogassanlegg på Romerike.
Av .

Bioenergi er energi som blir henta frå biomasse. Biomasse er materiale som kjem frå plantar, dyr eller menneske. Ved, matavfall og bæsj frå dyr er døme på biomasse.

Ny biomasse blir heile tida laga. Derfor er bioenergi fornybar energi.

Menneska har brukt ved til å halde seg varme og lage mat sidan steinalderen. Bioenergi er derfor den første energikjelda i historia.

Biodrivstoff

Biodrivstoff er drivstoff som er laga frå biomasse.

Det blir kalla første generasjons biodrivstoff når ho blir laga frå plantar som kjem rett frå åkeren. Døme er mais, kveite og raps.

Andre generasjons biodrivstoff er laga av restar frå dyr og menneske. Døme er biogass som blir laga av døde plantar, bæsj frå husdyr og ved å gjenvinne matavfall.

Biogassen kan ein bruke på same måte som naturgass.

Biokraftverk

Eit biokraftverk lagar elektrisk straum ved å brenne biodrivstoff, til dømes biogass eller pellets.

Varmen får vatn til å koke, og vassdampen driv ein turbin. Ein turbin er ei maskin der vatn, damp eller gass som er under trykk, får noko til å gå rundt.

Turbinen driv ein generator som lagar elektrisitet. Det finst i dag fleire biokraftverk i Noreg.

Bioenergi og miljø

Bruk av bioenergi kan vere betre for miljøet der det erstattar olje eller kol. Biodrivstoff inneheld lite svovel og tungmetall.

Bioenergi kan også føre til utslepp av farlege gassar eller svevestøv, til dømes i byar der ein fyrer mykje med ved om vinteren.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Knut Hofstad