Mange vedsekker ute med vedkubber på et jorde. I bakgrunnen er det en traktor med en kløyvemaskin bak.
Ved er eit døme på biodrivstoff.
Foto av vedhaugar.
Lisens: CC BY SA 3.0

Biodrivstoff er brensel som er laga av biologisk materiale. Biologisk materiale er materiale som er danna av levande organismer i samtida. Brensel som er danna av organisk materiale fra ei fjern fortid kallar me for fossilt brensel.

Døme på biodrivstoff er ved, torg, flis, pellets, biodiesel og bioolje.

Biodrivstoff blir rekna som nesten klimanøytrale. Det er fordi karbondioksid som blir frigitt når ein brenner drivstoffet, opphavleg kjem frå atmosfæren. Planter som veks og utviklar seg, hentar inn karbondioksid frå lufta under fotosyntesen.

Klimanøytral vil seie at ein ikkje slepper ut meir klimagass i atmosfæren enn det ein greier å fange opp eller fjerne.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Knut Hofstad