Tegning av Satan.

John Milton skreiv det kjende verket Det tapte paradis (Paradise lost) i 1667. Det fortel den kristne historia om då verda blei til og om dei første menneska, Adam og Eva. Temaet er paradiset som går tapt. Teikninga viser Satan, som er ein av hovudpersonane i verket. Boka blei svært populær i samtida og mykje brukt til å lese høgt.

Tegning av Satan.
Av .

Barokken var ein periode og ein stil i litteratur, kunst og musikk i Europa frå cirka 1600 til 1750. Barokken var omtrent samtidig som dei historiske periodane renessansen og opplysingstida.

I litteraturen er det berre det som kom ut på 1600-talet som blir rekna til barokken.

Ein typisk tekst frå denne tida var full av lange, vanskelege ord og setningar. Den var gjerne pynta med språklege bilete og metaforar. Målet med litteraturen var å vekkje sterke kjensler hos lesaren.

Kjenneteikn

Mykje av diktinga i barokken var religiøs. Forfattarane skreiv om vanskene med å vere eit vanleg menneske og ein god religiøs person til same tid.

Typiske tema i litteraturen var lys mot mørker, jord mot himmel, sorg mot glede.

Mykje av litteraturen i barokken skulle vere med å oppdra folket. Derfor var den skrive på det språket ein brukte til dagleg, og ikkje på latin. Latin var det språket prestane brukte.

Dei fleste av tekstane i barokken var skrivne for å bli brukte ved viktige hendingar, som bryllaup, gravferder, dåp, bursdagar og når ein konge skulle kronast.

Barokken i Europa

Foto av omslag til Tartuffe (1682).

I Frankrike blei litteraturen i denne perioden kalla fransk klassisisme. Moliére var ein viktig fransk forfattar. Eit av hans mest kjende verk er komedien Tartuffe. Moliér påverka mange europeiske forfattarar, også dansk-norske Ludvig Holberg.

Barokken i Europa var litt ulik frå land til land. Det var fordi samfunna var ulike. Der det hadde vore mykje krig og elende var litteraturen meir pessimistisk, som i Tyskland.

I Sverige og Danmark var litteraturen ganske lik den tyske. Den danske salmediktaren Thomas Kingo er den mest kjende.

Andre kjende forfattarar i perioden er John Donne og John Milton. Begge skreiv mest dikt. Milton er særlig kjend for det lange diktet Det tapte paradis.

I Noreg var salmediktaren Petter Dass ein ganske optimistisk forfattar. Dorothe Engelbretsdatter skreiv også salmar, men var meir dyster og alvorleg. Ho var likevel ein av dei mest populære norske diktarane i barokken.

I Noreg kom barokken først rundt 1680.

Barokken i Frankrike

I Frankrike var litteraturen i barokken ganske ulikt frå andre land i Europa. Her var forfattarane inspirerte av gresk og romersk litteratur, som er den klassiske litteraturen. Denne perioden blir derfor ofte kalla fransk klassisisme i Frankrike.

Racine og Molière var to av dei mest kjende franske forfattarane frå denne perioden.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger