Kokk er ein person som har som jobb å lage mat til andre.

Utdanning

I Noreg tek det fire år å utdanne seg til kokk. Først er det to år på vidaregåande skule med faga Restaurant og matfag. Så må ein vere lærling i ei bedrift som driv med matlaging. Det kan til dømes vere på ein restaurant eller kjøkkenet på eit sjukehus. Ein lærer då å lage mat av kokkane som jobbar der.

Etter læretida er det fagprøve. Det er ein eksamen der ein skal lage bestemde matrettar, og vise det ein har lært.

Ein kan bli anten restaurantkokk eller ernæringskokk. Kokkane på sjukehus og sjukeheim er ernæringskokkekar. Jobben deira er å lage sunn mat til pasientane, slik at dei blir fortare friske.

Oppgåver

Ein kokk har mange oppgåver, mellom anna:

  • Å halde det reint
  • Halde det ryddig medan hen lagar maten
  • Lage mat etter norske tradisjonar
  • Lage mat frå andre land
  • Passe på allergiar og diettar
  • Planlegge økonomi og korleis ein følgjer eit budsjett
  • Planlegging av menyar og bestilling av varer
  • Berekraftig mat

Kokkane må òg samarbeide med til dømes med servitørar.

Å jobbe som kokk

Når ein er ferdig utdanna kokk kan ein jobbe mange ulike stadar. Til dømes:

  • Restaurant
  • Kafé
  • Hotell
  • Kantine
  • Matbutikk
  • Sjukehus
  • Sjukeheim
  • Militæret
  • Fiskebåt
  • Oljeplattform

Les meir i Vesle norske leksikon

  • vidaregåande skule
  • lærling

Faktasjekk av

Arnt Steffensen