Jugoslavia er namnet på tre land i Europa som har eksistert på ulike tidspunkt. Desse tre landa har delvis omfatta dei same områda.

Dei tre landa er:

1. Kongeriket Jugoslavia

Kongeriket Jugoslavia blei danna i 1918 etter første verdskrig. Det eksisterte fram til andre verdskrig i 1941.

Landet blei styrt av kong Aleksander 1. fram til 1934. Då blei kongen skoten, og fetteren hans, prins Paul 1., styrte landet til 1941.

2. Den sosialistiske republikken Jugoslavia

Den sosialistiske republikken Jugoslavia blei oppretta etter andre verdskrig i 1945. Den blei styrt av det kommunistiske partiet som var leia av Josip Broz Tito.

Republikken bestod av Serbia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Nord-Makedonia. Den blei løyst opp i 1991.

3. Forbundsstaten Jugoslavia

I 1992 danna Serbia og Montenegro ein stat. Dette skulle vere etterfølgjaren til republikken Jugoslavia. Den blei leia av president Slobodan Milošević.

Staten fekk ikkje bli medlem av FN. Staten endra namn i 2003 til Statsunionen av Serbia og Montenegro. I 2006 ville Montenegro bli eit eige land og unionen blei oppløyst.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør