Faktaboks

CRP

C-reaktivt protein

CRP er eit protein som blir laga i levra og som blir frakta rundt i blodet. Levra lagar meir CRP når kroppen har betennelse og blir sjuk. Viss betennelsen er stor, blir det laga mykje CRP. Viss betennelsen er liten, blir det laga mindre CRP. Mengda CRP i blodet kan difor vise om nokon har betennelse, og kor stor betennelsen er.

Å måle CRP

Ei hand med hanske held eit reagensglas med blod i. På merkelappen på glaset står det «CRP – Test»

Ein kan teste blodet for å sjå kor mykje CRP det er i det. Det kan ein gjere ved å stikke i fingeren, eller ved å ta ei blodprøve i armen.

Foto
Av /Shutterstock.

For å måle kor mykje CRP det er i blodet, tek ein ei blodprøve. Som regel tek ein prøva ved å stikke pasienten i fingeren og klemme ut nokre dropar blod.

Resultatet av målinga er eit tal. Å ha CRP under 5 er normalt. Det betyr at ein ikkje har ein stor betennelse.

*CRP opp til 40 kan bety at ein har:

*CRP mellom 40 og 200 kan bety at ein har ein betennelse som kjem av bakteriar, til dømes lungebetennelse.

Bruk

Målingar av CRP kan vise om nokon har betennelse. Men det seier ikkje noko om kva type betennelse ein har.

Når kroppen er i ferd med å bli frisk, søkk CRP til normalt nivå. CRP blir òg brukt for å følgje med på korleis det går med pasienten.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo