Faktaboks

leddgikt

revmatoid artritt

Gamle hender der fingrane er skakke
Over tid kan leddgikt øydeleggje bein og brusk. Ein kan få krokete og hovne fingrar som gjer det vanskeleg å bruke hendene. Då kan det for eksempel bli vondt å skjere brød eller bruke nøklar.
Av /Shutterstock.

Leddgikt er ein sjukdom i ledda i kroppen. Leddgikt er ein kronisk sjukdom, det vil seie ein sjukdom som varer lenge. Dersom ein får leddgikt som vaksen, har ein sjukdommen resten av livet. Barn som får leddgikt, blir ofte heilt friske når dei blir eldre.

Leddgikt er ganske vanleg. Det varierer kor alvorleg sjukdommen er. Nokre har små plager, andre har sterke smerter og vanskar med å fungere i kvardagen. Nokre medisinar dempar plagane av leddgikt.

Årsak

Immunforsvaret er eit system i kroppen som vernar mot smitte og sjukdom. Av og til gjer immunforsvaret feil. Då kan immunforsvaret angripe sjølve kroppen. Slike sjukdommar er autoimmune sjukdommar, og leddgikt er ein slik sjukdom. Leddgikta kjem av at immunforsvaret angrip ledda og startar ein betennelse.

Betennelsane gjer at ledda blir stive, hovne og vonde. Over tid kan leddgikt øydeleggje bein og brusk. Ein kan få krokete og hovne fingrar som gjer det vanskeleg å bruke hendene. Då kan det for eksempel bli vondt å skjere brød eller bruke nøklar.

Leddgikt kan vere arveleg. Men sjølv om ein har risiko for leddgikt i gena, treng ein ikkje å bli sjuk. Sjukdommen kan bli utløyst i alle aldrar. Det vanlegaste er å bli sjuk når ein er over 50 år.

Det finst fleire typar leddgikt. Ein eigen type er det berre barn som får. Dette blir kalla barneleddgikt. Den blir ein ofte frisk av når ein blir eldre.

Symptom

Sjukdomsteikn kan kome plutseleg eller litt etter kvart. Først kan teikna vere små. Ein kan til dømes ha lite matlyst og gå ned i vekt. Ein kan òg kjenne seg trist og trøytt, og få feber.

Så kan ein få vondt og bli stiv og hoven i ledda. Det startar gjerne i fingrar og tær, men kan spreie seg til større ledd etter kvart. Det er typisk at det gjer mest vondt om morgonen. Den sjuke kan òg få kuler under huda i olbogane og fingerledda. Fingrar og tær kan etter kvart sjå krokete ut, fordi ledda sklir ut av stilling.

Diagnose

For å finne ut om ein har leddgikt, må ein først gå til fastlegen. Fastlegen sender pasienten vidare til ein spesialist som heiter revmatolog.

Legane kan ta fleire prøver for å sjå etter teikn på leddgikt. Det kan vere blodprøve, røntgen, ultralyd, urinprøve eller ei prøve av vevet i ledda.

Behandling

Det finst god behandling for dei fleste med leddgikt. For å unngå store plager, er det viktig å starte behandlinga så fort som mogleg. Legen kan skrive ut medisinar for å dempe betennelsen og å gjere immunforsvaret mindre aktivt. Trening og behandling hos fysioterapeut gjer at ledda held seg bevegelege.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo