Statsforvaltninga er dei delane av staten i Noreg som har ansvar for at alt skjer som det skal. Å forvalte betyr å styre for nokon. Statsforvaltninga styrer Noreg sånn som Stortinget og regjeringa bestemmer. Dei fleste som jobbar i statsforvaltninga er tilsette, ikkje folkevalde.

Statsforvaltninga er bygd opp av:

  • Departementa som bestemmer over direktorat og tilsyn
  • Direktorat, tilsyn og andre statsetatar
  • Statsforvaltaren med kontor i kvart fylke

Eit departement har minst éin leiar som er politisk vald, og blir kalla minister. I tillegg kan departementet ha fleire hundre tilsette. For eksempel er det omtrent 290 tilsette i finansdepartementet. Dei held fram med å jobbe der same kven som er finansminister.

Kommunane og fylkeskommunane er ein del av styresmaktene, men ikkje ein del av statsforvaltninga.

Departementa

Eit departement er eit stort kontor med mange tilsette som hjelper regjeringa med å styre landet. I 2024 var det 16 departement i Noreg.

Døme på departement er utanriksdepartementet, klima- og miljødepartementet og kulturdepartementet.

Direktorat

Eit direktorat er eit stort kontor med mange tilsette som blir styrte av eit departement. I 2024 var det 72 direktorat i Noreg, for eksempel:

  • Miljødirektoratet, som jobbar med klima, natur og forureining
  • Skattedirektoratet, som bereknar og krev inn skatt for staten
  • Helsedirektoratet, som gir råd om helse til alle som bur i Noreg og politikarar som jobbar med helsepolitikk

Mange av direktorata kan bestemme på vegner av staten. For eksempel bestemmer Miljødirektoratet kven som får lov til å sleppe ut stoff som kan forureine, og kor mykje dei kan sleppe ut.

Nokre direktorat blir kalla tilsyn. Dei har i oppgåve å kontrollere at reglar blir følgde. For eksempel kontrollerer Mattilsynet at restaurantar lagar mat på ein rein og trygg måte.

Statsforvaltaren

Det nedste statlege nivået er statsforvaltaren. Statsforvaltaren har kontor med nokon tilsette i kvart fylke. Statsforvaltaren er representantane til regjeringa i fylket.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge