Eit direktorat er eit stort kontor med mange tilsette som blir styrte av eit departement. I 2024 var det 72 direktorat i Noreg, for eksempel:

  • Miljødirektoratet, som jobbar med klima, natur og forureining
  • Skattedirektoratet, som bereknar og krev inn skatt for staten
  • Helsedirektoratet, som gir råd om helse til alle som bur i Noreg og politikarar som jobbar med helsepolitikk

Mange av direktorata kan bestemme på vegne av staten. For eksempel bestemmer Miljødirektoratet kven som får lov til å sleppe ut stoff som kan forureine, og kor mykje dei kan sleppe ut.

Nokre direktorat blir kalla tilsyn. Dei har i oppgåve å kontrollere at reglar blir følgde. For eksempel kontrollerer Mattilsynet at restaurantar lagar mat på ein rein og trygg måte.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge